Verdsmeisterskapen i sjakk 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Regjerande verdsmeister Viswanathan Anand
Utfordrar Magnus Carlsen

Verdsmeisterskapen i sjakk 2013 var ein tittelkamp i sjakk mellom den regjerande verdsmeisteren, Viswanathan Anand og norske Magnus Carlsen som vann kandidatturneringa i London.[1] Tittelkampen blei arrangert av Fédération Internationale des Échecs (FIDE) i perioden 6.–22. november 2013.[2] Arena for meisterskapen var hotellet Hyatt Regency Chennai i Chennai i India, som også er Anands hjemby.[3]

Etter gjennomføringa av det tiande partiet 22. november, hadde Carlsen oppnådd dei nødvendige 6,5 poenga for å vinne, mot Anands 3,5, og blei dermed kåra til ny verdsmeister.[4]

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Verdsmeisterskapen i sjakk 2013
Rating Parti 1
9. nov
Parti 2
10. nov
Parti 3
12. nov
Parti 4
13. nov
Parti 5
15. nov
Parti 6
16. nov
Parti 7
18. nov
Parti 8
19. nov
Parti 9
21. nov
Parti 10
22. nov
Parti 11
24. nov
Parti 12
26. nov
Poeng
Flag of Norway.svg NOR Magnus Carlsen (Noreg) 2870 ½ ½ ½ ½ 1 1 ½ ½ 1 ½
Flag of India.svg IND Viswanathan Anand (India) 2775 ½ ½ ½ ½ 0 0 ½ ½ 0 ½

Kandidatturneringa[endre | endre wikiteksten]

Vinnaren av Kandidatturneringa 2013 blei Anands utfordrar i tittelkampen. Etter meir enn femti år med utslagsturnering, blei turneringa arrangert som round robin med åtte deltakarar.[5] Turneringa fant stad i Institution of Engineering and Technology, Savoy Place, London, og pågjekk frå 15. mars til 1. april 2013.[6]

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Deltakarane, som blei valde ut frå FIDE sine kriterier, var:[7]

Kriterier for deltaking Kvalifiserte deltakarar
Dei tre øvst plasserte etter Verdscupen i sjakk 2011 Flag of Russia.svg Russland Peter Svidler (Russland)
Flag of Russia.svg Russland Aleksandr Grisjtsjuk (Russland)
Flag of Ukraine.svg Ukraina Vasilij Ivantsjuk (Ukraina)
Tapande finalist frå Verdsmeisterskapen i sjakk 2012 Flag of Israel.svg Israel Boris Gelfand (Israel)
Dei tre høgst rangerte spelarane i verda
(snittet frå FIDEs verdsranking for juli 2011 og januar 2012)
Flag of Norway.svg Norge Magnus Carlsen (Noreg)
Flag of Armenia.svg Armenia Levon Aronian (Armenia)
Flag of Russia.svg Russland Vladimir Kramnik (Russland)
Spelar vald av Kandidatturneringa si organisasjonskomité
(FIDE-ranking må per januar 2012 være minst 2700)[7][8]
Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan Teimour Radjabov (Aserbajdsjan)

Resultatoversikt frå Kandidatturneringa[endre | endre wikiteksten]

Tabellen etter Kandidatturneringas siste runde:[9]
Plassering Deltakar Rating
Mars 2013[10]
1 2 3 4 5 6 7 8 Poeng Ved lik score
Innbyrdes
oppgjer
Antal
sigre
SBS
1 Flag of Norway.svg Norge Magnus Carlsen (NOR) 2872 * * ½ ½ 1 0 ½ ½ 1 1 1 ½ 0 ½ ½ 1 8,5 1,0 5 56,25
2 Flag of Russia.svg Russland Vladimir Kramnik (RUS) 2810 ½ ½ * * 1 ½ ½ 1 ½ ½ ½ 1 ½ 0 1 ½ 8,5 1,0 4 57,75
3 Flag of Russia.svg Russland Peter Svidler (RUS) 2747 0 1 ½ 0 * * 1 ½ ½ ½ ½ ½ 1 ½ 1 ½ 8,0 1.5 4 52,75
4 Flag of Armenia.svg Armenia Levon Aronian (ARM) 2809 ½ ½ 0 ½ ½ 0 * * 1 0 ½ ½ 1 1 1 1 8,0 0,5 5 43,00
5 Flag of Israel.svg Israel Boris Gelfand (ISR) 2740 0 0 ½ ½ ½ ½ 0 1 * * ½ ½ ½ ½ ½ 1 6,5 1,0 2 43,00
6 Flag of Russia.svg Russland Aleksandr Grisjtsjuk (RUS) 2764 ½ 0 0 ½ ½ ½ ½ ½ ½ ½ * * 1 ½ ½ ½ 6,5 1,0 1 44,00
7 Flag of Ukraine.svg Ukraina Vasilij Ivantsjuk (UKR) 2757 ½ 1 ½ 1 ½ 0 0 0 ½ ½ ½ 0 * * 0 1 6,0 0,0 3 43,25
8 Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan Teimour Radjabov (AZE) 2793 0 ½ ½ 0 0 ½ 0 0 0 ½ ½ ½ 1 0 * * 4,0 0,0 1 28,25

Dersom to eller fleire spelarar ligg på førsteplass med like mange poeng, blir turneringa vidare avgjord av

  1. antal poeng oppnådd i innbyrdes oppgjer
  2. antal spell vunne
  3. poeng etter Sonneborn - Berger systemet[7]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Carlsen tapte sitt livs viktigste parti - klar for VM-finale likevel», av Eivind Skjervum, dagbladet.no, 1. april 2013. Besøkt 2. april 2013.
  2. FIDE Calendar 2013. Besøkt 2. april 2013 (en)
  3. «FIDE offers 2013 World Chess C'ship to Chennai», av Hari Hara Nandanan, The Times of India, 12. august 2011. Besøkt 1. april 2013 (en)
  4. FIDE Magnus Carlsen is World Champion
  5. «FIDE Candidates: a historical perspective», av Peter Doggers, ChessVibes.com, 11. mars 2013. Besøkt 1. april 2013 (en)
  6. «FIDE Candidates' Tournament officially opened by Ilyumzhinov», av Peter Doggers, ChessVibes.com, 15. mars 2013. Besøkt 1. april 2013 (en)
  7. 7,0 7,1 7,2 «Rules & regulations for the Candidates Tournament of the FIDE World Championship cycle 2011-2013», FIDE. Besøkt 1. april 2013 (PDF) (en)
  8. «The Candidates' in London; is FIDE selling its World Championship cycle?», av Peter Doggers, chessVibes, 14. februar 2012. Besøkt 1. april 2013 (en)
  9. «Tournament standings, FIDE. Besøkt 31. mars 2013
  10. «FIDE Top players – Top 100 Players March 2013», FIDE. Besøkt 1. mars 2013 (en)