Verdsorganisasjonen for immateriell eigedomsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verdsorganisasjonen for immateriell eigedomsrett
Fil:WIPO Logo.svg, World Intellectual Property Organization Logo.svg
Skipa14. juli 1967, 1967
HovudkontorGenève
Nettstadhttps://www.wipo.int Sjå dette på Wikidata
Hovudkvarteret til organisasjonen i Genève.

Verdsorganisasjonen for immateriell eigedomsrett, Den internasjonale opphavsrettsorganisasjonen eller Verdas opphavsrettorganisasjon (OMPI eller WIPO; engelsk World Intellectual Property Organization, fransk Organisation Mondiale de la Propriété Intellectuelle) er ein organisasjon oppretta av SN. Han vart vedteke oppretta i 1967, med formål å «oppmuntre til kreativ aktivitet [og] framme vern av intellektuell eigedom i verda», og sett ut i livet i 1970.

WIPO har 184 medlemsnasjonar,[1] og har hovudkvarteret sitt i Genève i Sveits.

Organisasjonen utarbeider traktatar knytte til intellektuelt arbeid, og medlemslanda er forplikta til å utarbeide lover som handhevar dei direktiva som er vedteke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Forløparen til WIPO var eit byrå ved namn Bureaux Internationaux Réunis pour la Protection de la Propriété Intellectuelle, forkorta til BIRPI. Dette byrået var igjen eit produkt av samanslåinga av dei to byråa som administrerte Bernkonvensjonen og Pariskonvensjonen. I 1893 vart dei to slått saman til BIRPI, og i 1970 vart denne endra til WIPO. Fire år seinare, i 1974, vart WIPO innlema som ein del av SN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]