Verdsutstillinga i Paris i 1900

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For dei andre verdsutstillingene i Paris, sjå Verdsutstillinga i Paris.
Oversyn over verdsutstillingsbyga.

Verdsutstillinga i Paris 1900 (fransk Exposition universelle de 1900) var ei verdsutstilling som vart halden i den franske hovudstaden Paris frå 15. april til 12. november 1900.

Meir enn 50 millionar menneske vitja utstillinga og dette gav eit overskot for den franske regjeringa på sju millionar franc. Utstillinga inneheldt over 76 000 utstillingar og dekte eit område på 1,12 kvadratkilometer.

Fleire kjende byggverk i Paris vart bygde til utstillinga, mellom anna Eiffeltårnet, Paris-Gare de Lyon, Gare d'Orsay, Pont Alexandre III, Grand Palais, La Ruche og Petit Palais. Den fyrste lina i Paris Metro starta òg under utstillinga. Fleire typar teknologi som seinare er blitt verdskjende blei stilt ut her, til dømes rulletrapper, dieselmotor, lydfilm, pariserhjul og matrjosjkadokker. Valdemar Poulsen sin tidlege lydopptakar, telegrafonen, blei også stilt ut her.

Som ein del av utstillinga vart sommar-OL halde i Paris frå 14. mai til 28. oktober.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Verdsutstillinga i Paris i 1900