Verdsutstillinga i Paris i 1867

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over verdsutstillinga. Måleri av Édouard Manet, no ved Nasjonalgalleriet.
Verdsutstillinga i Paris i 1867

Verdsutstillinga i Paris i 1867 (fransk Exposition Universelle) var ei verdsutstilling som blei halden på Champ-de-Mars i Paris frå 1. april til 31. oktober 1867. Ho var den sjuande verdsutstillinga i rekka.

50 226 utstillarar frå ei rekkje land tok del i utstilllinga, som blei vitja av over 9 millionar menneske.

Norsk deltaking[endre | endre wikiteksten]

Verdsutstillinga i Paris i 1867 var den første der vertskapet stilte nasjonale paviljongar til disposisjon for deltakarane. Det var eigne hus i parken der ein kunne visa nasjonal folkekultur. Noreg deltok i utstillinga med eit stabbur. På denne tida var Noreg i union med Sverige, og hadde ikkje nokon eigen utenrikspolitikk. Det blei derfor viktig for kultur og næringsliv å visa seg fram i utlandet.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Butenschøn. «Norge på verdensutstillingene». Arkivert frå originalen 20101125085323. 
  2. «Norge en ivrig nasjon på 1800-tallet». forskning.no. 11.6 2002.