Verdsutstillinga i Paris i 1937

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eiffeltårnet og den symbolske konfrontasjonen mellom Tyskland til venstre og Sovjetunionen til høgre

Verdsutstillinga i Paris i 1937 (Exposition internationale «Arts et Techniques dans la Vie moderne» eller berre Exposition internationale) var ei verdsutstilling halden i Paris i 1937.

Utstillinga fylte elvebreiddene langs Seinen på begge sider av Pont d’Iéna, og Trocadéro-området nord for elva og Marsmarka på sørsida med Eiffeltårnet som blikkfang. Paviljongane som viste fransk kunst, kultur og næringsliv opptok areal vidare austover langs nordbreidda av Seinen, langs sørbreidda på begge sider av Marsmarka, og langs midtaksen sør for Eiffeltårnet.

Dei europeiske paviljongane låg dels på området mellom elva og Trocadéro, der den permanente utstillingsbygningen Palais de Chaillot var oppført, og dels langs sørlege elvebreidd. Her låg òg USA sin paviljong. Andre oversjøiske land fekk tomter til paviljongane sine lengst sør på Marsmarka.

Den norske paviljongen låg sentralt med front ut mot midtaksen i Trocadéro-parken, i forlenging av Avenue d'Iéna. Han var teikna av arkitektane Arne Korsmo, Knut Knutsen og Ole Lind Schistad. Nabolanda var Nederland og det republikanske Spania. Den spanske paviljongen av Josep Lluís Sert tiltrekte seg stor merksemd, sidan utstillinga fann stad under den spanske borgarkrigen. Her stilte Pablo Picasso ut det berømte måleriet sitt Guernica. Den spanske paviljongen blei rekonstruert til verdsutstillinga i Barcelona i 1992.

52 land tok del i utstillinga, som hadde over 31 millionar vitjande. Utstillinga er mest kjend for den symbolske konfrontasjonen mellom det nazistiske Tyskland og det kommunistiske Sovjetunionen. Paviljongane til desse to landa stod «front mot front» på kvar si side av midtaksen langs nordre Seine-breidda. Tyskland sin bygning var teikna av Albert Speer, med eit høgt tårn som eit «bolverk mot bolsjevismen», med den tyske ørna og hakekross øvst. Sovjetunionen sin paviljong av arkitekt Boris Iofan (med eit litt lågare tårn) møtte til gjengjeld nazismen med ein aggressiv skulptur av Vera Mukhina – ein muskuløs industriarbeidar og ein kvinneleg kolkhoz-arbeidar som saman løfta hamar og sigd mot motstandaren.

Dei fleste byggverka som blei reiste til verdsutstillinga var provisorium som seinare blei rivne. Men nokre byggverk var permanente og eksisterer framleis, som Palais de Chaillot og Palais de Tokyo.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]