Verfassungsschutz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verfassungsschutz

Hovudkvarter Köln.
Foto: A. Kirch

VirkefeltTyskland
Skipa7. november 1950
Opphøyrtingen
LeiarOtto John (1950; 1954), Hanns Jess (1954; 1955), Hubert Schrübbers (15. desember 1955; 30. april 1972), Günther Nollau (1. mai 1972; 15. september 1975), Richard Meier (16. september 1975; 26. april 1983), Heribert Hellenbroich (13. mai 1983; 31. juli 1985), Ludwig-Holger Pfahls (1. august 1985; 1. april 1987), Gerhard Boeden (2. april 1987; 28. februar 1991), Eckart Werthebach (1. mars 1991; 31. mai 1995), Hansjörg Geiger (1. august 1995; 15. mai 1996), Peter Frisch (15. mai 1996; 30. april 2000), Heinz Fromm (1. juni 2000; 31. juli 2012), Hans-Georg Maaßen (1. august 2012; 15. november 2018)
HovudkontorKöln, Köln
UndergrupperTysklands innenriksdepartement
Tilsette2 750 (2012)
JurisdiksjonTyskland
Nettsidehttps://www.verfassungsschutz.de/
Kontoret i Berlin.

Verfassungsschutz (forfatningsvern) er den føderale og statlege tryggingstenesta for innanriks politisk overvaking i Tyskland. Ettersom Tyskland er ein føderasjon, består Verfassungsschutz av både eit føderalt byrå (Bundesamt für Verfassungsschutz) og i stor grad uavhengige enkeltbyrå som opererer i kvar enkelt delstat, kalla Landesämter für Verfassungsschutz.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste oppgåva til Verfassungsschutz er å overvaka organisasjonar som vert vurdert som ein trussel mot det «frie demokrati» og tysk tryggleik.[1] Den direkte årsaka for skipinga av tenestene var den kommunistiske trusselen under den kalde krigen.

Sjølv om Verfassungsschutz brukar alle typar overvakingsteknologi og infiltrasjon, baserer han for det meste sin informasjon på publikasjonar frå organisasjonane som vert observert. Informasjonen vert samla inn i årlege rapportar, kalla Verfassungsschutzberichten, som er tilgjengeleg for allmenta; truleg vert det òg gjeve meir detaljerte og løynlege rapportar til regjeringa.

Verfassungsschutz har inga politistyresmakt; når dei får informasjon er dei avhengig av politiet eller statsadvokatane for å forfølgja straffbare tilhøve.

Det er den sitjande regjeringa – anten føderalt, eller i den enkelte delstaten – som avgjer kva for nokre organisasjonar som skal overvakast. Dette fører til at partiet Die Linke berre vert overvakt i dei delstatane der partiet CDU regjerer.

Organisasjonane Verfassungsschutz overvakar kan delast inn i fire hovudgrupper:

  • Venstreekstremistar
  • Høgreekstremistar (inkludert partiet NPD)
  • Utanlandske ekstremistorganisasjonar i Tyskland (hovudsakleg muslimske ekstremistar)
  • Scientologi (verdsett av tyske styresmakter som ein autoritær, antidemokratisk kommersiell organisasjon, og ikkje som ein religion)

Nokon av Verfassungsschutz-byråa har òg andre oppgåver, som vern av regjeringsrelatert informasjon, overvaking av løynlege tenester i utlandet, og av organisert kriminalitet.

Presidentar[endre | endre wikiteksten]

  • 1950–1954: Otto John
  • 1955–1972: Hubert Schrübbers
  • 1972–1975: Günther Nollau
  • 1975–1982: Richard Meier
  • 1983–1985: Heribert Hellenbroich
  • 1985–1987: Ludwig-Holger Pfahls — han forsvann i juli 1999, og vart arrestert i Paris i 2004 på grunn av tiltaler om korrupsjon i samband med eit våpensal til Saudi-Arabia medan han var statssekretær i Forsvarsministeriet i Kohl-regjeringa på 1990-talet. Korrupsjonstiltala vart seinare fråfalli.
  • 1987–1991: Gerhard Boeden
  • 1991–1995: Eckart Werthebach
  • 1995–1997: Hansjörg Geiger
  • 1997–2000: Peter Frisch
  • 2000–2012: Heinz Fromm
  • 2012–2019: Hans-Georg Maaßen
  • 2019– : Thomas Haldenwang

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mission and working methods» (på engelsk). BfV. Henta 14. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Verfassungsschutz