Verje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verje er ein person som etter Verjemålslova, Lov om vergemål for umyndige av 1927, varetar ein umyndig sine interesser og handlar på den umyndige sine vegne i formuessaker, og er også rettsleg representant for den umyndige i alle samanhengar. Ein umyndig person er ein mindreårig under 18 år, eller ein som er umyndiggjort fordi vedkomande ikkje er i stand til å vareta sine eigne interesser. For mindreårige er verja i utgangspunktet den eller dei som har foreldreansvaret, men dersom desse er døde eller ikkje kan påta seg oppgåva, blir det oppnemnt ei verje for den mindreårige.

Overformynderiet har tilsynet med verja i ein kommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Verjemålslova av 1927