Verkenselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle riksvegen over Verkenselva på oppsida av Verkensfossen
Utsyn vestover frå Verkensfossen

Verkenselva er ei lita og kort elv i Soknavassdraget i Ringerike kommune i Buskerud. Elva oppstår nordaust i Torevannet, vest for Sokna i Soknedalen, og renn ut i Sogna rett søraust for Sokna. Ho har namnet sitt frå gamle nedlagde Sognedalen Jernverk, som låg på garden Bergs grunn rett nedanfor Verkensfossen. Elva passerer under riksveg 7 (bru) rett nordvest for Sokna.

Elva er dominert av aure og ørekyte, men har òg ei stamme av trepigga stingsild (Gasterosteus aculeatus), edelkreps (Astacus astacus) og elvemusling[1] (Margaritifera margaritifera). Sistnemnde er totalfreda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Verkenselva

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.