Verktøyet fil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Smykkefiler.

Fil er eit verktøy med rilla overflate ein kan bruka til å handsama overflater av metall, tre, stein, bein eller liknande gjennom filing.[1]

Ei fil er som regel laga av spesielt hardt stål og forsynt med skaft. Ho kan ha ei eller fleire plane eller runde flater som har eit tett rutenett av skarpkanta furer. Fila kan vera flat, trekanta, firkanta, halvrund eller rund, alt etter bruksområde. Når ein dreg og trykkar fila mot overflaten av arbeidsstykket ein filer, blir fine spon skrapte av, og overflaten blir meir eller mindre jamn, alt etter kor grove eller fine tenner fila har. Ei særleg grov fil, som til dømes kan brukast i snikkar- og skomakaryrke, blir kalla rasp.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «fil – verktøy». Store norske leksikon (på norsk). 12. september 2019.