Verneombod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verneombod er ein vald person i ei bedrift eller ein organisasjon som skal sjå til at verksemda tek vare på tryggleiken, helsa og velferden til arbeidstakarane, i tråd med Arbeidsmiljølova. Alle bedrifter som har tilsette skal ha eit verneombod, men det kan gjerast unntak for små bedrifter.[1] Arbeidstilsynet er kontroll- og klageinstans for å sikre at bedriftene følgjer krava i arbeidsmiljølova. Verneombodet har rett til å stogge farleg arbeid, om det er direkte fare for liv eller helse.

Medan tillitsvalgde står i ei interessekonflikt med leiinga, verkar verneombodet mot eit felles mål for alle partane i arbeidslivet.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Arbeidsmiljøloven §6-1