Verner von Heidenstam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Verner von Heidenstam
Johan Krouthén - Porträtt av Verner von Heidenstam.jpg
Fødd 6. juli 1859
Hammars församling
Død

20. mai 1940
Västra Ny församling

Yrke skribent, lyrikar
Språk svensk
Far Gustaf von Heidenstam
Verner von Heidenstam på Commons

Carl Gustaf Verner von Heidenstam (6. juli 185920. mai 1940) var ein svensk forfattar og poet som i 1916 vann Nobelprisen i litteratur for romanen Karolinerna, som framleis er hans mest kjende verk. Grunngjevinga til Svenska Akademien var «såsom ett erkännande av hans betydelse som målsmannen för ett nytt skede i vår vitterhet.»[1][2]

Heidenstam
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1916

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Heidenstam var fødd i Olshammar i Örebro län. Heidenstam studerte måleri i Paris og Roma. Etter studiane gjorde han lange reiser gjennom Frankrike, Italia, Sveits og Det nære Austen.

Han blei vald til medlem av Svenska Akademien i 1912 og var medstiftar av Svenska Dagbladet.

Litteraturen til Heidenstam hadde ei avgjerande verknad på den svenske nyromantikken. I dei seinare verka sine tok han i aukande grad i bruk historiske tema. Han var òg ein god lyrikar. I mange av dikta kjem den den konservative og patriotiske haldninga hans fram, men samstundes skreiv han eit dikt der han kravde allmenn og lik røysterett: «Det är skam, det är fläck på Sveriges banér / att medborgarrätt heter pengar».

Verner von Heidenstam døydde 20. mai 1940 på Övralid i Motala i Östergötlands län. Framleis blir fødselsdagen hans feira kvar 6. juli, den såkalla Övralidsdagen, og då blir Övralidspriset delt ut til forfattarar eller andre kulturpersonlegdomar.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Vallfart och vandringsår (1888)
  • Endymion (1889, roman)
  • Pepitas bröllop (1890)
  • Hans Alienus (1892)
  • Skogen susar (1892)
  • Dikter (1895)
  • Karolinerna (1897-98, roman)
  • St. Göran och draken (1900)
  • Heliga Birgittas pilgrimsfärd (1901)
  • Folkungaträdet: Folke Filbyter (1905)
  • Folkungaträdet: Bjälboarvet (1907)
  • Svenskarna och deras hövdingar(1908)
  • Nya Dikter (1915)
  • När kastanjerna blommade (postum) (1941)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «in recognition of his significance as the leading representative of a new era in our literature»
  2. Nobelprisen 1916 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Verner von Heidenstam ved Wikisource.