Verran kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Verran kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Malm
Areal 602 km²
 - land 559 km²
 - vatn 43 km²
Målform nøytral
Ordførar Anders Lindstrøm (Ap)
Kommunenr. 5039
NO 5039 Verran.svg
Wikimedia Commons: Verran
Nettstad: www.verran.kommune.no

Verran er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke, fram til 1.1.2020. Området ligg langs fjordarmen Beistadfjorden inst i Trondheimsfjorden. Han grensa i nord mot Steinkjer og Namdalseid, i sør mot Inderøy, Leksvik og Rissa, og i vest mot Åfjord. Verran var opphavleg to kommunar, Malm og Verran, som vart slegne saman til éin kommune i 1964. 1. januar 2020 vart Verran kommune, bortsett frå Verrabotn, slått saman med Steinkjer kommune. Verrabotn vart slått saman med Indre Fosen kommune.


Kommunen er lang og smal. Total strandline er om lag 80 km. Det høgste fjellet i kommunen er Sandvassheia på 655 moh. Største tettstad er kommunesenteret Malm, der om lag 1 600 av av dei totalt 2 644 innbyggjarane bur. Andre tettstader er Follafoss, Verrastranda og Verrabotn.

Hovudnæringa i kommunen er industri, ein sektor der rundt halvparten av den yrkesaktive folkesetnaden er sysselsett. Andre store sektorar er handel- og servicenæringa, og jordbruksnæringa. Jernmalmgruvene i Malm vart drivne frå 1906 til 1997. Cellulosefabrikken Södra Cell Folla er den største arbeidsplassen i Follafoss.

I 2006 lova regjeringa tre millionar kroner til småsamfunnsprosjektet i Verran. Det var eit pilotprosjekt over fem år med ei ramme på seks millionar kroner, finansiert i felleskap av Kommunal- og regionaldepartementet, fylkeskommunen og kommunen. Målet var å stabilisere folketalet, setje fokus på trivsel og auke talet på robuste arbeidsplassar i kommunen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]