Verruca plana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verruca plana

Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:078.19

Verruca plana er ein type raudbrun, flatvoren, velavgrensa og til dels forhøgja papel med ein diameter på 2-5 millimeter og ei svakt verrukøs overflate.[1][2][3] Dei blir gjerne kalla «flate vorter» og opptrer ofte talrikt på handryggen og i andletet hos barn,[1] ikkje sjeldan med ei lineforma innretning.[3]

Vortene skuldast vanlegvis infeksjon med humant papillomavirus (HPV), oftast av typen HPV2, HPV3 eller HPV5.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Langeland, Tor (13. februar 2009). «vorte». Store medisinske leksikon (sml.snl.no) (på norsk). Foreningen SNL. Henta 23. juni 2017. 
  2. Rapini, Ronald P.; Bolognia, Jean L.; Jorizzo, Joseph L. (2007). Dermatology: 2-Volume Set. St. Louis: Mosby. s. 1188. ISBN 1-4160-2999-0. 
  3. 3,0 3,1 Lookingbill, Donald, et al. Principles of Dermatology. Saunders. 2000. Pages 68-69. ISBN 0-7216-7971-4.
  4. Emanuel, Patrick (2013). «Verruca plana pathology». DermNet New Zealand. New Zealand Dermatological Society. Henta 23. juni 2017.