Vervarslinga på Vestlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vêrvarslinga på Vestlandet er ei distriktsavdeling av Meteorologisk institutt oppretta i 1918. Avdelinga har varslingsansvaret for heile Vestlandet og Trøndelag, frå Lista til Nord-Trøndelag og fiskebankane utanfor, i tillegg til flyvêret i området. I tillegg havområda i Nordsjøen, Norskehavet sør for 65 grader nord, fiskefelt rundt Dei britiske øyane og Island.

Meteorologar og forskarar på avdelinga har spesialkompetanse innan maritim meteorologi og bølgjevarsling og utarbeider spesielle vêrmeldingar rekna for skipsfarten, samt spesialvarsel i samband med petroleumsverksemda i Nordsjøen.

Avdelinga skal også støtte ulike offentlege instansar under kriser ved til dømes oljesøl på havet, og redningsaksjonar til havs døgnet rundt. Avdelinga deltar i arbeidet med drift av dei meteorologiske stasjonane i området sitt.

Regionleiar er Karen H. Doublet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]