Verwallfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verwallfjella
fjellkjede
Land  Austerrike
Kart
Verwallfjella
47°02′15″N 10°11′18″E / 47.0375°N 10.1883°E / 47.0375; 10.1883
Wikimedia Commons: Verwall

Verwallfjella er ei mindre fjellkjede i grenselandet mellom forbundslanda Vorarlberg og Tirol i Austerrike.

Fleire av toppane når over 3 000 meter over havet. Mange toppar har ei markant form, særleg dei i Vorarlberg. I motsetnad til den nærliggjande fjellkjeda Silvretta er området lite bredekt. Verwallfjella eignar seg godt for fjellvandrarar og fjellklatrarar på eit gjenommsnittleg nivå. Eit nett av turstiar gjer det mogleg med fleiredagars turar frå fjellhytte til fjellhytte.

Utsyn over fjelldalen Malfontal og Verwallfjella, sett frå høgste toppen i fjellkjeda.
Fjellhytta Ascher Hütte med Hohe Riffler bak til venstre.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

  • Hohe Riffler 3 168 moh
  • Kuchenspitze 3 148 moh
  • Küchlspitze 3 147 moh
  • Blankahorn 3 129 moh
  • Seeköpfe 3 061 moh
  • Patteriol 3 056 moh
  • Saumspitze 3 039 moh
  • Kleine Riffler 3 014 moh
  • Fatlarspitze 2 986 moh
  • Scheibler 2 978 moh

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Verwallfjella