Vesikulært stomatittvirus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vesikulært stomatittvirus
Vesikulært stomatittvirus
Vesikulært stomatittvirus
Systematikk
Rike: Orthornavirae
Rekkje: Negarnaviricota
Underrekkje: Haploviricotina
Klasse: Monjiviricetes
Orden: Mononegavirales
Familie: Rhabdovirus Rhabdoviridae
Slekt: Vesiculovirus
Art: Vesikulært stomatittvirus V. stomatitis
Vitskapleg namn
Vesicular stomatitis Indiana virus

Vesikulært stomatittvirus (VSV) er eit geværkuleforma virus i familien rhabdovirus. Ein brei selletropisme har gjort det til eit populært modellsystem for ymse forskingsføremål. Det valdar sjukdomen vesikulær stomatitt hjå pattedyr som storfe, griser og hestar og nyttar insekt for å spreia seg. Det kan òg sjeldan infisera menneske og gje milde symptom hjå vaksne.[1][2][3]

Vesikulært stomatittvirus har eit genom på 11 kilobasar som kodar for fem gen.[1]

RNA-polymerasen til VSV gjer ein feil for mellom kvar tusende og titusende base ved danninga av genomet til eit nytt virus. Dette gjer at viruset som art snøgt kan tilpassa seg ymsande omgjevnader.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hastie, Eric; Cataldi, Marcela; Marriott, Ian; Grdzelishvili, Valery Z (2013). «Understanding and altering cell tropism of vesicular stomatitis virus». Virus Research 176 (1–2): 16–32. PMC 3865924. PMID 23796410. doi:10.1016/j.virusres.2013.06.003. 
  2. Ge, P; Tsao, J; Schein, S; Green, T. J; Luo, M; Zhou, Z. H (2010). «Cryo-EM Model of the Bullet-Shaped Vesicular Stomatitis Virus». Science 327 (5966): 689. PMID 20133572. doi:10.1126/science.1181766. 
  3. Letchworth, G.J; Rodriguez, L.L; Del Cbarrera, J (1999). «Vesicular Stomatitis». The Veterinary Journal 157 (3): 239. PMID 10328837. doi:10.1053/tvjl.1998.0303. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.