Hopp til innhald

Vesle Hjerkinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vesle Hjerkinn
stad
Land  Noreg
Kart
Vesle Hjerkinn
62°11′48″N 9°33′53″E / 62.19663889°N 9.56478611°E / 62.19663889; 9.56478611
Pilegrimsvandrarar ved Vesle Hjerkinn

Vesle Hjerkinn er ein stad på Dovrefjell der det i vikingtida og mellomalderen låg ein gard eller eit sælehus.

Dei gamle tuftene etter mellomaldergarden ligg i austenden av strekninga mellom Dombås og Hjerkinn i Dovre kommune, på sørsida av elva Folla, ca. 2 km frå Gautåseter.

Utgravingar i regi av Kulturhistorisk museum har dokumentert at Vesle Hjerkinn har hatt ein sentral rolle i ferdsla over Dovrefjell. Staden har truleg vore krongods frå slutten av 800-åra e.Kr. i Harald Hårfagre si regjeringstid.

To av dei 6 tuftene i området er gravne ut, og det er bygd opp ein modell av eitt av husa.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]