Vesletjern i Lillomarka
Utsjånad
| Vesletjern | |||
| innsjø | |||
Vesletjern på Ammerud Foto: C. Hill, 2007 | |||
| Fylke | Oslo | ||
|---|---|---|---|
| Areal | 0,03 km² | ||
| Middeldjupn | 9 m | ||
![]() Vesletjern i Lillomarka 59°57′35″N 10°51′38″E / 59.959667°N 10.860583°E | |||
| Wikimedia Commons: Vesletjern (Lillomarka) | |||
Vesletjern, også kalla Lilletjern, er ein dam på Ammerud ved markagrensa til Lillomarka i Oslo. Tjernet er demd opp og er regulert som offentleg badeplass.
Vesletjern har mudderbotn, som mange av markavatna. På det djupaste er det 9 meter djupt. Området har rekreasjonsfasilitetar med benkar, toalett, godkjend eldstad, natursti og eigen trase for rørslehemma.
Det finst gode høve for parkering i området, med tilgang frå både Ammerud og Rødtvet. Frå Ammerud kan ein parkere ved Apaløkka skole, og frå Rødtvet er det parkering ved Greibanen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Vesletjern vart tidlegare brukt som isdam, og det vart henta ut isblokker her heilt fram til 1945.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vesletjern (Lillomarka)» frå Wikipedia på bokmål, den 17. april 2008.
