Vesna Vulović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vesna Vulović
(serbisk: Весна Вуловић)
Nasjonalitet Serbisk
Statsborgarskap Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia, Serbia
Fødd 3. januar 1950
Beograd
Død

23. desember 2016
Beograd

Yrke Flyvertinne

Vesna Vulović (3. januar 195023. desember 2016) var ei serbisk flyvertinne som ifølgje Guinness rekordbok har verdsrekorden for å overleva det lengste fallet utan fallskjerm, på 10 160 meter.[1][2]

JAT Flight 367[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke for ulukka i Srbská Kamenice.

Vesna Vulović var fødd i Beograd i 1950.[3] Ho blei tilsett ved JAT Yugoslav Airlines i 1971.[4] 26. januar 1972 var ho del av mannskapet på JAT Flight 367. Flyet vart sprengt av ei bombe i lufta over Srbská Kamenice i Tsjekkoslovakia, på veg frå København til Zagreb. Som einaste av dei 28 om bord overlevde Vulović fallet på 10 160 meter. Ho blei funnen av Bruno Honke, som hadde vore ambulansearbeidar under andre verdskrigen. Han gav henne behandling fram til helsepersonell kom til ulukkesstaden.[4][5][6]

Ulukka gjorde at Vulović fekk brot på skallen og var i koma i 27 dagar. Ho hadde også brot i begge føtene, bekkenet, fleire ribbein og tre ryggvirvlar - ein av dei blei knust.[4][7] I ei tid etter ulukka var ho lam frå livet. Ho hadde fullstendig amnesi frå timen før fallet til ein månad etterpå. Det siste ho hugsa var at ho tok imot passasjerar før avgang, deretter var det første ho hugsa at ho såg foreldra sine på sjukehuset omlag ein månad seinare.[4]

Luftfartstryggleiksinspektørar meiner Vulović truleg overlevde fordi ho blei halden fast av ei mattralle inne i flykroppen då flyet braut saman og styrta. Dei andre om bord ville ha blitt dregne ut av den valdsame trykkendringa. Etterforskarane meinte vidare at flykroppen med Vulović inni hadde landa i trekledde, snødekte fjell som reduserte samanstøyten med bakken.[3] Honke fortalde også at han fann Vulović i midtdelen av flyet, med ein kollega oppå seg og halden fast av mattralla.[4] Legane til Vulović meinte også at det låge blodtrykket hennar gjorde at ho ville ha miste medvitet svært raskt etter at kabinen mista trykket, slik at hjartet hennar ikkje villa ha broste i samanstøyten.[8] Vulović blei førleg i løpet av ti månader etter ulukka, men hadde ein skadd ryggvirvel og halta resten av livet.[9]

Eksplosjonen på flyet blei truleg forårsaka av ei bombe i bagasjen.[10] Dei jugoslaviske styresmaktene mistenkte at kroatiske nasjonalistar stod bak hendinga. Same dag hadde ei bombe gått av på eit tog mellom Wien og Zagreb og skadd seks personar.[11] Ein mann som kalla seg sjølv ein kroatisk nasjonalist ringte den svenske avisa Kvällsposten dagen etter og tok på seg ansvaret for bomba på Flight 367.[12] Det er likevel aldri blitt gjort arrestasjonar som følgje av hendinga.[7]

Vidare liv[endre | endre wikiteksten]

I september 1972 uttrykte Vulović eit ønske om å fortsetja å jobba som flyvertinne.[4] Flyselskapet var redde for at ho ville trekkja for mykje merksemd i denne rolla, og gav henne i staden ein kontorjobb. Vulović blei behandla som ein nasjonalhelt i Jugoslavia og fekk liknande status i austblokklanda.[3][13] Ho blei gjeven ei utmerking av den jugoslaviske leiaren Josip Broz Tito, medan den serbiske folkemusikaren Miroslav Ilić spelte inn songen "Vesna stjuardesa" ('Flyvertinna Vesna').[3] Ho blei også utnemnd til æresborgar av landsbyen Srbská Kamenice. Dottera til Honke, som blei fødd seks veker etter ulukka, blei kalla Vesna etter henne.[14] Vulović flaug framleis regelmessig etter ulukka, og sa at andre passasjerar blei overraska over å sjå henne og gjerne ville sitja ved sidan av henne.[9]

Begge foreldra til Vulović døydde få år etter ulukka.[15] I 1977 gifta ho seg med maskinteknikaren Nikola Breka.[4] Sjølv om legane hadde meint ulukka ikkje burde påverka evna hennar til å få barn, gjekk ho gjennom eit nær dødeleg ektopisk svangerskap og kunne aldri få ungar.[4]

I 1985 blei ho offisielt utnemnd til verdsrekordhaldaren for lengste fall utan fallskjerm av Guinness rekordbok. Ho tok imot anerkjenninga ved ei tilstelling i London frå musikaren Paul McCartney.[16]

Rundt 1990 skilde Vulović og ektemannen seg.[4] I 1990 eller 1991 mista ho jobben ved JAT[9][16][15] for å ha tala imot Slobodan Milošević og teke del i protestar mot styresmaktene. Ho skal ha unngått arrestasjon fordi styresmaktene frykta den negative omtalen det ville gje om ho blei fengsla.[9][16] Ho fortsette å ta del i protestar mot regimet gjennom heile 1990-talet. Som svar på aktivismen blei Vulović skulda i tabloidar for å ikkje ha falle frå ei så stor høgd som det var blitt sagt, eller at Flight 367 var blitt skote ned frå Tsjekkoslovakia.[15]

Då Milošević og det serbiske sosialistpartiet blei tvinga frå makta i oktober 2000 var Vulović ein av fleire kjendisar som stod på balkongen til rådhuset i Beograd for å halda sigerstalar.[4] Ho verka seinare for det demokratiske partiet i Serbia (Demokratska stranka Srbije) og for at Serbia skulle gå inn i EU, noko ho meinte ville gje landet økonomisk framgang.[9]

Vulović fortalde seinare at ho ikkje tenkte på ulukka si dagleg, men at ho sleit med overlevandesyndrom som gav henne skuldkjensle.[9] [17] Ho tok ikkje imot terapi, men fann støtte i religion og blei ein from ortodoks kristen. Ho meinte sjølv at ulukka hadde gjort henne til ein optimist, og sa "Om du kan overleva det eg kan, kan du overleva alt".[9][18]

Dei siste åra av livet levde Vulović på ein liten pensjon i ein forfallen leilegheit i Beograd.[9] Ho meinte at ulukka hennar ikkje berre hadde øydelagd hennar liv, men også foreldra hennar, som ho meinte hadde døydd før tida.[4][18] Ho gjorde sjeldan intervju og takka nei til spørsmål om å opptre frå til dømes Oprah Winfrey og BBC,[19] og sa ho var trøytt av å diskutera fallet sitt.[9] Då ho var i sekstiåra kunne ho ikkje lenger delta i den årlege markeringa av ulukka i Srbská Kamenice, som ho tidlegare hadde vore med på gjennom ei årrekkje.[20]

I desember 2016 blei vener av Vulović bekymra etter at ho ikkje svara på telefon. 23. desember gjekk låssmedar inn i leilegheita hennar og fann Vulović livlaus.[3] I følgje vener hadde ho hatt hjarteproblem i fleire år.[21] Ho blei gravlagd på Beograd nye gravlund (Novo groblje} 27. desember 2016.[22]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Free Fall. greenharbor.com
  2. «Highest fall survived without parachute». Guinness World Records. Henta 9 August 2017. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Sandomir, Richard (28 December 2016). «Vesna Vulovic, Flight Attendant Who Survived Jetliner Blast, Dies at 66». The New York Times. Henta 9 August 2017. 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 «Vesna Vulovic: How to survive a bombing at 33,000 feet». Aviation Security Magazine. april 2002. Arkivert frå originalen 10. august 2017. Henta 9. august 2017. 
  5. White, Colin (2010). Projectile Dynamics in Sport: Principles and Applications. London, England: Routledge. s. 305. ISBN 978-1-13402-762-0. 
  6. Interviewed by Philip Baum, Green Light Aviation Security Training & Consultancy, in Belgrade, December 2001. «Vesna Vulovic: how to survive a bombing at 33,000 feet». Arkivert frå originalen 8. januar 2008. 
  7. 7,0 7,1 «Vesna Vulovic, stewardess who survived 33,000ft fall, dies». BBC News. 24. desember 2016. Henta 9. august 2017. 
  8. «Vesna Vulovic: Flight Attendant Who Survived Mid-Air Explosion and 33,000-foot Fall, Dies at 66». Inquisitr. 29. desember 2016. Henta 9. august 2017. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 9,8 Bilefsky, Dan (26 April 2008). «Serbia's Most Famous Survivor Fears That Recent History Will Repeat Itself». The New York Times. Henta 9 August 2017. 
  10. «Official Abstract of the Final Report (English)» (PDF). Czechoslovak Civil Aviation Authority. s. 6. Arkivert frå originalen (PDF) 16 September 2014. Henta 23. august 2017. 
  11. Rebić, Đuro (1987). Špijuni, diverzanti, teroristi: Ostaci kontrarevolucije u Jugoslaviji (på Serbo-Croatian). Zagreb, Yugoslavia: Centar za informacije i publicitet. s. 354. ISBN 978-8-67125-009-2. 
  12. «Njemački mediji o slučaju JAT 1972: Napad hrvatske emigracije je plod mašte tajnih službi». Slobodna Dalmacija (på Croatian). 9 January 2009. Henta 9 August 2017. 
  13. «Fate or fluke? Air crash sole survivors». CNN. 13. mai 2010. Henta 1. februar 2018. 
  14. Krajčinović, Dušan (juni 1979). «Kako je Vesna Vulović preživela avionsku nesreću nad Čehoslovačkom '72: Čudo nije bila prava reč» (på Serbo-Croatian). Radio Television of Serbia. Henta 16. mars 2018. 
  15. 15,0 15,1 15,2 «Optimizmu padobran ne treba». Večernji list (på Croatian). 4 June 2005. Henta 1. februar 2018. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Connolly, Kate (13 January 2009). «Woman Who Fell to Earth: Was Air Crash Survivor's Record Just Propaganda?». The Guardian. Henta 9. august 2017. 
  17. Zimonjic, Vesna (26. januar 2012). «Too good to be true? Miracle woman who survived '33,000ft fall'». The Independent. Henta 9. august 2017. 
  18. 18,0 18,1 Graham, Ruth (29 December 2016). «Bask in the Bracing Unsentimentality of Vesna Vulovic, the Only Person to Survive a 1972 Plane Crash». Slate. Henta 9 August 2017. 
  19. Olsen, Camilla Westersø. «Stewardesse overlevede fald på 10.000 meter» (på dansk). DR Forsiden. Henta 9 August 2017. 
  20. Homolová, Marie (29. januar 2007). «Letuška Vesna spadla z nebe u Děčína» (på Czech). OnaDnes.cz. Henta 9. august 2017. 
  21. «Brat Vesne Vulović: Još sam u šoku». Večernje novosti (på Serbian). 24. desember 2016. Henta 9. august 2017. 
  22. «Sahranjena legendarna stjuardesa koja je preživela pad sa 10 hiljada metara». Večernje novosti (på Serbian). 27. desember 2016. Henta 9. august 2017.