Vest-India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vest-India er òg ei eldre nemning på Karibia
Kart over delstatane i Vest-India.

Vest-India er eit område i India som femner om statane Maharashtra, Gujarat, Goa og unionsterritoria Daman og Diu og Dadra og Nagar Haveli. Kulturelt er regionen er eit bindeledd mellom Nord- og Sør-India, men med mange eigne særtrekk.

Dei viktigaste språka i området er gujarati, marathi, hindi (i Bombay) og konkani og malvani i sør.

Ganesja er ein svært viktig guddom i Vest-India.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.