Hopp til innhald

Vest-Makedonía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vest-Makedonía
Δυτική Μακεδονία
Plasseringa til Vest-Makedonía i Hellas
 
Land:Hellas
Hovudstad:Kozáni
Periferieiningar:Kozáni
Grevená
Kastoriá
Flórina
Folketal:254 595 (2021[1])
Areal:9 451 km²
Folketettleik:27 /km²
Heimeside:www.pdm.gov.gr

Vest-Makedonía (gresk Δυτική Μακεδονία, Dytikí Makedonía) er ein av tretten periferiar i Hellas. Han omfattar dei tidlegare prefektura Kozáni, Grevená, Kastoriá og Flórina.

Periferien ligg nordvest i landet og grensar til periferiane Sentral-Makedonía i aust, Thessalía i sør, Ípiros i vest, i tillegg til nabolanda Nord-Makedonia og Albania i nord. Mykje av Vest-Makedonía er fjellendt, noko ein òg ser i fordelinga av folkesetnaden, som er oppunder 300 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane bur i jordbruksområda.

Periferieiningar og kommunar

[endre | endre wikiteksten]

Etter den administrative reforma i 2010 med endringar i 2019 er periferien Vest-Makedonía delt inn i fire periferieiningar som omfattar 13 kommunar.[2][3]

PeriferieiningInnbyggjararKommunar
Kozáni 137 210 Kozáni, Eordéa, Vóio, Sérvia, Velvendós
Grevená 26 576 Deskáti, Grevená
Kastoriá 45 929 Nestório, Árgos Orestikó, Kastoriá
Flórina 44 880 Préspes, Flórina, Amýndeo
██  Periferieininga Kozáni ██  Periferieininga Grevená ██  Periferieininga Kastoriá ██  Periferieininga Flórina
Kommune Periferieining Areal Folketal Hovudsete
1   Kozáni Kozáni 1 072,3 67 224 Kozáni
2   Eordéa Kozáni 707,9 42 515 Ptolemaída
3   Vóio Kozáni 1 021,0 14 947 Siátista
4   Sérvia Kozáni 605,7 9 467 Sérvia
5   Velvendós Kozáni 126,5 3 057 Velvendós
6   Deskáti Grevená 421,2 5 155 Deskáti
7   Grevená Grevená 1 859,9 21 421 Grevená
8   Nestório Kastoriá 618,5 2 149 Nestório
9   Árgos Orestikó Kastoriá 349,3 10 685 Árgos Orestikó
10   Kastoriá Kastoriá 755,0 33 095 Kastoriá
11   Préspes Flórina 504,2 1 211 Lemós
12   Flórina Flórina 827,6 29 500 Flórina
13   Amýndeo Flórina 599,6 14 169 Amýndeo

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferien er:

TettstadKommuneFolketal 2011[4]Folketal 2021[1]
KozániKozáni41 06642 140
PtolemaídaEordéa32 12731 537
FlórinaFlórina17 68617 188
KastoriáKastoriá13 38712 548
GrevenáGrevená13 13712 293
Árgos OrestikóÁrgos Orestikó7 4737 237
SiátistaVóio5 4905 057
AmýndeoAmýndeo3 6713 779
KhlóiKastoriá3 0793 233
DeskátiDeskáti3 5083 123
VelvendósVelvendós3 3602 913
KrókosKozáni2 9772 687
SérviaSérvia2 9802 677
ManiákiKastoriá3 0552 612
NeápoliVóio2 2852 036
MesopotamiáKastoriá2 0992 013
EaníKozáni2 0061 586
Periferibygningen til Vest-Makedonía i Kozáni.
Vest-Makedonía. Brua over reservoaret Polýfytos ved elva Aliákmonas i Kozáni.

70 % av straumproduksjonen i landet vert produsert i Vest-Makedonía, og i tillegg er gruvedrift ei viktig næring. Dei siste åra har turisme vorte viktigare, særleg om vinteren. Vest-Makedonía er den einaste greske periferien utan kyst, men han har mange innsjøar, fjell, vakre landsbyar og to store skisenter i Flórina (Vígla) og Grevená (Vasilítsa).

Referansar

[endre | endre wikiteksten]