Vest-Telemark Blad
| Vest-Telemark Blad | |||
| Land | Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Type | Lokalavis | ||
| Org.nummer | 925545872 | ||
| Grunnlagd | 2. Juli 1973 | ||
| Språk | Nynorsk | ||
| Hovudkvarter | Kviteseid | ||
| Nettstad | https://vtb.no (nynorsk) | ||
Vest-Telemark Blad er ei avis som vert gjeven ut i Kviteseid i Telemark. Ho kom ut fyrste gong i 1973, og dekker kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Avisa blir skriven på nynorsk. Ho kjem ut tre dagar i veka; tysdag, torsdag og laurdag.
Ho er partipolitisk uavhengig, men blei på 1970-talet i enkelte miljø kalla «Vesle-Pravda». Redaktør Knut Espelid seier: «Ein viktig grunn til oppnamnet var nok at korkje folk flest eller lokalpolitikarane i regionen var vane med å ha ei kritisk presse så nær seg. Det som kom fram i avisene t.d. frå politisk behandling før VTB kom, var reint refererande – avisene hadde gjerne ein «referent» i kommunestyremøta.»[treng kjelde]
Vest-Telemark Blad fekk tidleg tilnamnet «Vest-Telemark Ark», av di avisa berre var eitt ark (Dvs. eitt trykkark, fire sider i fullformat.) Frå 9. november 1979 kom VTB i tabloidformat, og dermed fleire sider. Frå då forsvann namnet «Vest-Telemark Ark» sakte men sikkert. No produserer avisa i snitt 56 sider i veka. Tilnamnet «Veslebladet» heng likevel med.
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i nettoopplag.[1]
| År | Nettoopplag |
|---|---|
| 2000 | 5 883 |
| 2001 | 5 156 |
| 2002 | 5 502 |
| 2003 | 5 519 |
| 2004 | 5 517 |
| 2005 | 5 425 |
| 2006 | 5 472 |
| 2007 | 5 493 |
| 2008 | 5 530 |
| 2009 | 5 660 |
| 2010 | 5 675 |
| 2014 | 5 521 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.