Vest-Telemark Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vest-Telemark Museum er regionsmuseum for kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Museet har ansvar for tolv ulike museumsanlegg i Vest-Telemark.

Hovudsetet for museet ligg i Eidsborg i Tokke kommune. Der er det eit stort friluftsmuseum, tidlegare Lårdal bygdemuseum, like ved Eidsborg stavkyrkje.

I friluftsmuseet står den eldste profane trebygningen i landet, Vindlausloftet, frå kring år 1167.

Vest-Telemark Museum har ansvar for ei rekkje visingsstader. Norsk skieventyr i Morgedal, Kviteseid bygdetun i Kviteseid, Åmdals Verk gruver, Grimdalstunet, Fyresdal Bygdemuseum, Vinje biletgalleri, Dyre Vaa-samlingane, Skinnarlandsamlinga, Øyfjell Bygdemuseum, Myllarheimen, Vinjestoga og Myklestoga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]