Vest-Troms grunnfjellskompleks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vest-Troms grunnfjellskompleks er eit grunnfjellskompleks som finst på øyane langs vestkysten av Troms fylke.

I nordaust finst tonalittiske til anorthosittiske og gabbroiske migmatittiske gneisar. Desse gneisane er overlagra tektonisk av det ca. 10 km breie og 30 km lange Ringvassøy grunnfjellsområde, som består av ulike felsiske til mafiske metavulkanske bergarter av tholeiitisk til kalsium-alkalisk affinitet. Ei prøve av den tonalitiske gneisen gav ein arkeisk U-Pb-zirkon-alder på 2 841 +/- 3 millionar år. Både gneisane og bergartene frå dei overliggande grønsteinsbeltet i nordlege delen av komplekset er gjennomskore av utalde mafiske gonger. Arkeiske tonalitter, granittar og mafiske gonger som varierer i alder frå 2880 til 2670 millionar år har òg vorte identifisert på dei andre øyane i Vest-Troms grunnfjellskompleks.

Den sentrale og sør-vestlege delen av komplekset består av granittiske bergarter og migmatittar. Ein av dei største granittkroppane i komplekset er Ersfjordgranitten på Kvaløya nord for Tromsø, som har intrudert omkringliggande gneisar diskordant. Ersfjordgranitten består av tonalitt og tonalittisk gneis som består av plagioklas og kvarts. Dei eldste bergartane er 2880 millionar år gamle, og dette området er spesielt ved at bergartene er lite påverka av metamorfose og dei har altså unngått den kaledonske fjellkjedefoldinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]