Hopp til innhald

Vest-cree-abugidaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein tekst på prærie-cree skriven med vest-cree-abugidaen på ei minnetavle i The Forks park i Winnipeg i Manitoba.

Vest-cree-abugidaen, populært kalla vest-cree-stavingsalfabetet, er ein variant av abugidaen for cree og inuktitut, som blir nytta for å skrive prærie-cree (engelsk Plains Cree), skog-cree (engelsk Woods Cree) og vestlege dialektar av myr-cree (engelsk Swampy Cree. Den blir nytta for å skrive cree-dialektar grovt rekna vestanfor grensa mellom dei kanadiske provinsane Manitoba og Ontario.

Skriftsystemet for cree er ein abugida, i og med at konsonantane alltid blir uttrykte med same symbol, t.d. eit v-forma teikn for p, som så blir modifisert (her snudd rundt på) for å markere ulike konsonant-vokal-kombinasjonar. Abugidaer skil seg frå ekte stavingsalfabet ved at stavingsalfabeta, som t.d. cherokeealfabetet, har ulike symbol for kvar staving.

Grunnprinsipp

[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste symbola i vest-cree-abugidaen står for ei sekvens av konsonant pluss vokal, til dømes ᐱ pi og ᑎ ti. Ved å snu desse symbola i ulike retningar får ein fram ulike vokalar, slik at ᐳ står for po, ᐯ for pē og ᐸ for pa (og tilsvarande for dei andre konsonantane). Ved å setje ein prikk over ᐱ pi, ᐳ po og ᐸ pa får vi lange vokalar: ᐲ pī, ᐴ pō og ᐋ pā. (Det trengst ikkje prikk på ᐯ pē, sidan det ikkje finst nokon kort e.) Det finst òg eigne bokstavar for vokalar utan konsonant føre, nemleg ein trekant som blir snudd på same måten, ᐃ i, ᐅ po, ᐁ ē, ᐊ a, og som har ein prikk over for vokallengd: ᐄ ī, ᐆ ō og ᐋ ā.

Bokstavane må delast i symmetriske og asymmetriske, for variasjonen i vokalar kjem fram på litt forskjellige måtar ved dei to typane. Symmetriske bokstavar snur ein stegvis 90°, som alt vist ovanfor:

ᐃ i       ᐱ pi       ᑎti
ᐊᐅao  ᐸᐳpapo  ᑕᑐtato
ᐁe  ᐯpe  ᑌte

Ved asymmetriske bokstavar går ein fram på ein litt annan måte. Dels snur ein bokstavane 180°, dels spegelvender ein dei:

ᑭᑫ kike  ᒋᒉ cice ᒥᒣ mime ᓂᓀ nine ᓯᓭ sise ᔨᔦ yiye
ᑲᑯ kako    ᒐᒍ caco    ᒪᒧ mamo    ᓇᓄ nano    ᓴᓱ saso    ᔭᔪ yayo   

Ein prikk etter ein bokstav symboliserer at det kjem ein w føre vokalen. Medan ᐁ står for ē, står ᐍ for wē, og medan ᐯ står for pē, står ᐻ for pwē. (I aust-cree-stavingsalfabetet står prikken føre bokstaven.)

Det finst eigne bokstavar for konsonantar som står i slutten av ei staving, utan vokal etter seg. Desse bokstavane er kalla finale i tabellen nedanfor.

Bokstaven ᐦ står for h. Denne bokstaven blir nytta finalt, men blir òg sett føre vokalbokstavane, som i ᓀᐦᐃᔭᐍᐏᐣ nēhiyawēwin 'cree-språket'.

Dialektskilnader

[endre | endre wikiteksten]

Det er to fonologiske skilnader mellom prærie-cree og skog-cree som får fylgjer for korleis alfabetet blir nytta:

  1. Proto-algonkinsk *r har blitt til y i prærie-cree og til th [ð] i skog-cree. Th blir skriven med bokstavar som er modifiserte utgåver av bokstavane i y-serien.
  2. Proto-algonkinsk *ī og *ē har blitt til ī og ē i prærie-cree, men har falle saman i ī i skog-cree. I skog-cree blir stavingar med vokalen ī skrivne med bokstavar frå ē-serien. Til dømes står då ᑫ for kē i prærie-cree og for kī i myr-cree. Ī-serien blir med andre ord ikkje nytta i myr-cree.
Tabell over bokstavane i vest-cree-abugidaen
Initiale Vokalar Finale
ē i o a ī ō ā
ᐁ ᐃ ᐅ ᐊ ᐄ ᐆ ᐋ
p ᐯ ᐱ ᐳ ᐸ ᐲ ᐴ ᐹ ᑊ
t ᑌ ᑎ ᑐ ᑕ ᑏ ᑑ ᑖ ᐟ
k ᑫ ᑭ ᑯ ᑲ ᑮ ᑰ ᑳ ᐠ
c ᒉ ᒋ ᒍ ᒐ ᒌ ᒎ ᒑ ᐨ
m ᒣ ᒥ ᒧ ᒪ ᒦ ᒨ ᒫ ᒼ
n ᓀ ᓂ ᓄ ᓇ ᓃ ᓅ ᓈ ᐣ
s ᓭ ᓯ ᓱ ᓴ ᓰ ᓲ ᓵ ᐢ
y ᔦ ᔨ ᔪ ᔭ ᔩ ᔫ ᔮ ᐩ (ᐝ)¹
th ᖧ ᖨ ᖪ ᖬ ᖩ ᖫ ᖭ ‡²
w ᐍ ᐏ ᐓ ᐘ ᐑ ᐕ ᐚ ᐤ
h ᐦᐁ ᐦᐃ ᐦᐅ ᐦᐊ ᐦᐄ ᐦᐆ ᐦᐋ ᐦ
hk³ ᕽ
l 4 ᓬ
r 4 ᕒ

Notar:

  1. Final y blei opphavleg skriven med eit heva punkt, men det meir tydelege symbolet ᐩ blir no nytta i staden.
  2. Symbolet ‡ blir nytta i myr-cree-språket for ein final th [ð], men det er ikkje Unicode-standard.
  3. hk er ei veldig vanleg ord-final konsonantgruppe, fordi ho er ein del av suffikset som uttrykkjer kasuset lokativ, og har difor sin eigen bokstav.
  4. l og r finst berre i lånord i vestlege cree-dialektar. I ein romersk-katolsk variant av alfabetet finst det fulle seriar for desse konsonantane; jamfør avsnittet Romersk-katolske tillegg nedanfor.

Romersk-katolske tillegg

[endre | endre wikiteksten]

I ein romersk-katolsk variant av alfabetet finst det fulle seriar for lånords-konsonantane l og r:

Romersk-katolske tillegg
Initiale Vokalar Finale
ē i o a
r ᖊ ᖋ ᖌ ᖍ ᙆ
l ᕃ ᕆ ᕊ ᕍ ᔆ

Vest-cree-abugidaen i dataalderen

[endre | endre wikiteksten]

Den kanadiske abugidaen er representert i Unicode, i området frå Ux1401 til Ux1676.