Alexela Sløvåg AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vest Tank)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tankanlegget i Sløvåg.

Alexela Sløvåg AS (tidlegare Vest Tank) er eit dotterselskap av Alexela Norge Holding, som igjen er eit dotterselskap av Alexela Logistics AS, som er basert i Estland. Alexela Sløvåg ligg i Sløvåg i Gulen kommune.

Historie og Vest Tank-ulukka[endre | endre wikiteksten]

Verksemda vart stifta i år 2000 og baserte seg i Sløvåg, under namnet Hasan Tank. Seinare vart namnet skift til Vest Tank. Vest Tank spesialiserte seg på motta og handsama såkalla slop, vaskevatn frå vasking av tømte tankar på tankskip. Verksemda hadde berre konsesjon til å ta imot slop, avgrensa til max. 175 000 kubikkmeter i året (tilsvarer omtrent 175 000 tonn.) Slop inneheld 90% vatn og 10% oljeprodukt.

I 2006 underteikna verksemda ein avtale med Trafigura om å ta imot avfall frå annan type petroleumsproduksjon òg. Dette gjorde at selskapet tok til å ta imot og reinsa coker bensin. Det var denne aktiviteten, som verksemda ikkje hadde løyve til, som førte til ulukka i 2007. Restane etter reinsingsprosessen kom i kontakt med ein brannfarleg gass, og ein av tankane på Vest Tank sitt område eksploderte den 24. mai dette året. Ingen vart direkte skadd i ulukka, men det førte til mykje uro og helseskader for innbyggjarane i Gulen kommune. For meir informasjon, sjå Vest Tank-ulukka.

Etter eksplosjonen vart det naturleg nok mykje som måtte klarast opp i. Både Statens forureiningstilsyn og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap fekk kritikk for å ha regulert verksemda for dårleg. I 2009 vart eigaren av Vest Tank dømt til 18 månaders fengsel.

Alexela Sløvåg i dag[endre | endre wikiteksten]

I 2007 vart alle aksjane i Vest Tank kjøpt opp av Alexela Logistics. Dette er eit holdingselskap av olje og logistikk- ressursar i Nord-Europa. Alexela Sløvåg er ein av tre terminalar i morselskapet, dei to andre ligg i Paldiski og Sillamäe i Estland.

I løpet av 2008 vart området til Alexela Sløvåg oppgradert frå eit avfallshandteringsområde til ein moderne oljeproduktsterminal med tryggingstiltak og betre teknologiske løysningar for å møta alle internasjonale krav. Etter dette har Alexela Sløvåg drive ein terminal utelukkande for lagring og transitt av bensin og andre oljeprodukt. Ein informasjonsbrosjyre om dei nye tryggingstiltaka har vorte send ut av verksemda til husstandane som ligg i nærleiken av tankområdet.

Administrerande direktør i dag er Håkon Ivarson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]