Vest Tank-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexela (tidlegare Vest Tank) sitt tankanlegg i Sløvåg.

Vest Tank-ulukka, eller Sløvåg-eksplosjonen, er namnet pressa gav til ei eksplosjonsulukke som skjedde 24. mai 2007Vest Tank (no Alexela) sitt tankanlegg i Sløvåg i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Ein av tankane på anlegget eksploderte, og innhaldet frå ein av nabotankane rann også ut og brann opp.
Begge tankane var fylt med giftige restar etter ulovleg «vasking» (reinsing) av coker bensin for sal på afrikanske marknader, og dei miljømessige og helsemessige konsekvensane av ulukka har vore store. Stoffet som eksploderte var det same som tidlegare hadde teke livet av rundt 17 menneske og gjort nesten 100 000 menneske sjuke i Abidijan i Elfenbeinskysten.

Det har blitt knytt sterk kritikk til handteringa til dei statlege styresmaktene av Vest Tank både før og etter ulukka.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Vest Tank[endre | endre wikiteksten]

Vest Tank spesialiserte seg på motta og å handsama såkalla slop, vaskevatn frå vasking av tømte tankar på tankskip. Verksemda hadde berre konsesjon til å ta imot slop, avgrensa oppover til 175.000 kubikkmeter årleg (tilsvarer omtrent 175.000 tonn.) Slop inneheld 90% vatn og 10% oljeprodukt. Alle hamner som tek imot tankskip har mottaksanlegg for slop.

Vest Tank inngjekk ein intensjonsavtale med verdas tredje største uavhengige oljetrader, Trafigura i 2006, om å ta imot andre typar avfall frå petroleumsproduksjon. Avtalen hadde form av nokre notat som aldri vart underskrivne, og det eksisterte aldri nokon formell avtale mellom Vest Tank og Trafigura. Avtalen innebar at Vest Tank skulle ta imot coker bensin frå tankskip, reinsa han for svovel, for så å lasta han tilbake på skipa. Trass i at Vest Tank ikkje hadde konsesjon til slik verksemd, innlemma verksemda denne aktiviteten i den ordinære drifta. Sidan tok dei imot seks tankskip med coker bensin for vasking på anlegget, fram til eksplosjonen skjedde. Etter at bensinen hadde vorte vaska, frakta tankskipa til Trafigura denne vidare til Alexela sin oljeterminal i Paldiski i Estland, der det vart tilsett kjemikalie som heva oktan-nivået.

Det er ulovleg å selja bensin med så låg kvalitet i den vestlege verda, og blir derfor seld i Afrika. Trafigura frakta bensinen vidare til Vest-Afrika, og selde han der. I løpet av sju månader hadde VestTank då vaska 150.000 tonn coker bensin. I tillegg til desse skipa tok Vest Tank også imot skipet Probo Emu. Dette skipet hadde vorte brukt av Trafigura til å reinsa coker bensin utanfor kysten av Afrika. Skipet reiste heile vegen opp til Gulen for å kvitta seg med avfallet frå denne prosessen etter å ha vorte avvist i mellom anna Nederland. Dette fekk både media og styresmaktene til å reagera sidan Probo Emu var systerskipet til Probo Koala, skipet som hadde dumpa avfallet sitt i Elfenbeinskysten og som førte til katastrofen i Abidjan. Kystverket og nederlandske styresmakter varsla Statens forureiningstilsyn (SFT) imot skipet, men SFT reagerte ikkje.

Prosessen som førte til ulukka[endre | endre wikiteksten]

Prosessen Vest Tank gjorde vert kalla å vaska bensinen. Vatn og kaustisk soda vert tilsett bensinen og rørt rundt. Svovel og ein del andre ureine stoff bind seg då til den kaustiske sodaen og fell ut. Blandinga får så stå og skilja seg, og bensinen som legg seg på toppen kan tappast av. Restane er eit lag med vatn blanda med restar etter prosessen, botnfallet etter fellinga, og eit mellomsjikt med olje og vatn som ikkje har skilt seg skikkeleg. Vatnet tømte Vest Tank ut i fjorden, og restane vart liggjande og hopa seg opp i tankane på anlegget. Det ferdigvaska produktet er ein bensin av svært låg kvalitet og med lågt oktannivå (ca 70). Oktannivået kan hevast ved hjelp av kjemikalie. Bensinen ein får ut av dette har eit svært høgt svovel-innhald. Han inneheld også ei rekkje miljøgifter frå dei forskjellige stadia i produksjonsprosessen. I tillegg er det vanleg at det vert blanda andre typar miljøavfall i denne typen petroleumsprodukt, som ei form for ulovleg dumping. Vest Tank måtte etter kvart fjerna avfallet som hadde danna seg i botnen av den eine tanken som vart brukt til prosessen. Dei freista å nøytralisera dette ved å tilsette saltsyre. Dette førte til at det danna seg ein brannfarleg gass som vart tent av ein gnist frå eit kolfilter. Trykket frå eksplosjonen fekk også nabotanken (T4) til å sprekka opp, og avfallet som var lagra i han rann ned på eksplosjonsstaden og brann opp der. Brannen skapte ei større giftsky som spreidde seg langs fjordarmane i retning nord, nordvest og nordaust. Skya nådde Eivindvik tre timar etter eksplosjonen.

Etter eksplosjonen[endre | endre wikiteksten]

Helseplager og uro[endre | endre wikiteksten]

Nedfallet frå eksplosjonen ramma eit område med rundt 1000 innbyggjarar til saman. To veker etter ulukka vart det oppdaga at ein stor del av folket i dette området var plaga av sjukdom. Desse sjukdomstilfella vart knytt til lukt frå avfallet. Det oppstod stor uro blant sogningane på grunn av koplinga mot katastrofen i Abidijan. Nasjonalt folkehelseinstitutt meinte at det var svovel frå dette avfallet som var årsaka til helseproblema, og at dette ville gå over når avfallet forsvann. Innbyggjarane og Norges Miljøvernforbund reagerte på dette, og påpeikte at ingen kan seia sikkert kva som var i giftskya frå eksplosjonen. Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland sjukehus har starta ei helseundersøkjing av innbyggjarane i det utsette området som skal vara fram til 2013 for å kartleggja sjukdomstilfella. Alexela, som overtok ansvaret for det resterande avfallet har hatt store problem med å bli kvitt det. Avfallet har vorte ståande og lukta vondt på anleggsområdet. Det siste lasset vart fjerna fyrst 994 dagar etter eksplosjonen.

Kritikk mot styresmaktene[endre | endre wikiteksten]

Helsestyresmaktene[endre | endre wikiteksten]

Gulen kommune var ikkje klar over at dei hadde ansvar for handsaminga av denne krisa og det tok lang tid før tiltak vart sett i gang. Det er vorte retta skarp kritikk imot Norsk folkehelseinstitutt for å ikkje ha involvert seg i handteringa av helseproblema og stø kommunen etter sjukdomsutbrotet. Då dei ulike styresmaktene var til eit koordineringsmøte ein månad etter at helseproblema vart oppdaga, møtte ikkje Folkehelseinstituttet opp. Folkehelseinsiuttet valde seinare å syna til at sjukdommen var psykosomatisk, noko som skapte sterke reaksjonar hjå gulingane. Andre styresmakter har også vorte kritiserte for manglande stønad i krisesituasjonen som oppstod. Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) har ansvar for koordineringa mellom kommunale og statlege styresmakter i krisesituasjonar. Trass i dette støtta dei ikkje kommunen sjølv om det vart gjeve klåre signal om at kommunen ikkje var i stand til å handtera situasjonen åleine. Statens forureiningstilsyn gav heller ikkje kommunen informasjon eller stønad. SFT informerte heller ikkje om at det var same stoffet som eksploderte hjå Vest Tank som det som tok livet av 14 menneske og gjorde rundt 100 000 sjuke i Elfenbeinskysten.

SFT si regulering av Vest Tank[endre | endre wikiteksten]

I tida etter ulukka kom det fram opplysningar om store manglar ved det statlege kontrollapparatet. Statens forureiningstilsyn (SFT, har no bytt namn til Klima og forureiningstilsynet) hadde hatt tre inspeksjonar i 2003, 2005 og 2006. Under kvar inspeksjon vart det oppdaga at verksemda ikkje tok representative prøvar av kva som vart sleppt ut i havet frå reinseanlegget. I 2005 vart det også registrert at verksemda hadde umanna drift etter arbeidstid utan nokon form for alarmfunksjon som kunne påvisa svikt i anlegget. Ein kunne risikera at væske som ikkje var handsama kunne renna ut i havet utan at ein oppdaga det før dagen etter. Etter kvar inspeksjon fekk verksemda frist til å dokumentera korleis dei hadde retta opp avvika som var påvist. Trass i at Vest Tank ikkje kunne visa til tiltak for utbetring av avvika fekk verksemda halda fram drifta. SFT registrerte også kva slags reinseanlegg verksemda hadde. Ein ekspert i vassteknikk frå SINTEF syner til at dette anlegget i lita grad har vore i stand til å reinsa for tungmetall og organiske stoff som er naturleg i ein slik prosess.

På spørsmål i samband til denne problematikken har SFT synt til at dei har registrert at verksemda for det meste har motteke og lagra væske utan å handsama henne. Det er eit brot på forureiningslova å ikkje handsama motteke avfall innan eitt år. SFT hadde også fått melding frå Vest Tank om at verksemda over lengre tid hadde ei drift som ikkje var i samsvar med utsleppsløyvet deira, og at dei ville halda fram med drifta. SFT reagerte heller ikkje på dette. SFT fekk også melding frå Kystverket og Nederlandske miljøstyresmakter om mistanke om at Vest Tank var på veg til å motta ulovleg avfall frå skipet Probo Emu. SFT vurderte det slik at dei ville føra tilsyn med dette mottaket på neste inspeksjon ved verksemda. På grunn av eksplosjonen ville dette vore ei reaksjonstid på minst 7 månader. Etter eksplosjonen fekk Vest Tank i oppdrag å sjølv ta prøvar av området for å utreia skadeomfanget. Dette til trass for at SFT hadde liten tillit til verksemda, samt meldingane frå andre styresmakter om ulovleg drift. SFT har også fått kritikk for at dei i etterkant av ulukka framleis heldt seg til verksemda sine eigne opplysningar når det gjeld kva som var på anlegget sitt øvre tankanlegg, sjølv om Vest Tank hadde vorte meldt på ei rekkje punkt både av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og av SFT sjølv.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap si (DSB) regulering av Vest Tank[endre | endre wikiteksten]

DSB har også vorte kritisert i samband til deira regulering av Vest Tank. Direktoratet har ansvar for å gje løyve til verksemder som lagrar større mengder brannfarleg væske. Viss ei verksemd vil lagra brannfarleg væske over ei viss mengd, vil ho bli underlagt storulukkeforskrifta. Det vil då verta sett strenge krav til sikringstiltak ved verksemda. Då Vest Tank søkte om ei utviding av sitt opphavlege lagringsløyve til å gjelda det øvre tankanlegget på verksemda, vart denne gjeven utan at DSB hadde hatt nokon form for tilsyn med anlegget i seg sjølv eller dokumentasjon på utført arbeid. Denne delen av anlegget var ikkje involvert i eksplosjonen. Vest Tank hadde då fått løyve til å lagra opptil 96 millionar liter svært brannfarleg væske utan at DSB vurderte eller bad verksemda sjølv vurdera om ho skulle vore underlagt storulukkeforskrifta. På dette tidspunktet og fram til ulukka var øvre tankanlegg berre utstyrt med to pulverapparat. Koordineringsgruppa for storulykkeforskrifta vende seg seinare til Vest Tank og ei rekkje andre verksemder i samband med ein revisjon av storulukkeforskrifta. Vest Tank synte då til at øvre tankgard ikkje var i bruk og det vart avtalt at verksemda ville bli omfatta av denne forskrifta når anlegget vart brukt til lagring av brannfarlege stoff. Seinare søkte Vest Tank DSB om løyve til lagring av opptil 50 millionar svært brannfarleg væske på øvre tankanlegg over ein periode på 6 månader. Løyvet vart innvilga utan at storulukkeforskrifta hadde vorte følgd opp av Vest Tank eller etterlyst frå DSB si side. Koordineringsgruppa for Storulukkeforskrifta presiserer at dei ikkje har gjeve nokon unntak frå denne forskrifta.

Kritikk av bruk av internkontroll[endre | endre wikiteksten]

Styresmaktene sin reguleringspraksis har fått kraftig kritikk frå mellom anna Norges miljøvernforbund og NRK Brennpunkt for bruk av sjølvregulering av verksemder som Vest Tank, samt manglande kontroll av skipsanløp. I dokumentaren Mitt skip er lastet med vart det påvist at ingen av styresmaktene som har ansvar for skipstransport kontrollerer kva skipa er lasta med. Styresmaktene kontrollerer berre dokumentasjon som skipa sender inn. Når det gjeld kontroll av sjølve verksemder som Vest Tank er det vorte brukt inspeksjonar, men desse fokuserer berre på evna verksemdene har til å regulera seg sjølv, ikkje om dei faktisk overheld regelverket. I mars 2010 vart det i ein kronikk i Bergens Tidende teke til orde for ei gransking av reguleringspraksisen til styresmaktene. Dette vart følgd opp av ein leiarartikkel i avisa. Dette vart teke opp av Stortingets kontrollkomite som stilte spørsmål til miljøvernminister Erik Solheim om denne reguleringspraksisen er forsvarleg. Det vart synt til at styresmaktene no i større grad følgde og verifiserte dokumentasjon frå verksemder. Solheim forsvarte derimot organiseringa av kriseberedskapen i Noreg der kommunar har ansvar for alle typar kriser uansett storleik på både kommunen og på krisa.

Straffesak mot dei involverte[endre | endre wikiteksten]

I november 2009 vart det ført ei straffesak mot tre av dei involverte i drifta til Vest Tank. Leiaren og eigaren av anlegget vart høvesvis dømde til 18 månader ubetinga fengsel for brot på ei rekkje lovverk og føreskrifter. Ein innleigd konsulent som var involvert i prosessen vart dømd til 45 dagars vilkårsbunde fengsel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia, 4. november 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]