Idrettslaget Vestar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vestar)
Hopp til navigering Hopp til søk

Idrettslaget Vestar var 1953-2010 eit idrettslag heimehøyrande i Oslo. Laget var aktivt med i friidrett og handball.

Laget fekk namnet «Vestlendingenes Idrettslag» då det vart stifta 22. februar 1953 som eit tilbod til innflyttarungdom frå Vestlandet. I 1960 bytta laget namn til Idrettslaget Vestar. IL Vestar vert særleg hugsa for sitt suverene kvinnelag i handball som frå 1972 til 1978 vann samtlege norske seriemeisterskap. I 1977 nådde laget semifinalane i europacupen der det vart tap mot austtyske SC Leipzig. Karen Fladset var den sentrale spelaren på Vestar i desse gull-åra. I 1980-åra spelte landslagsprofilar som Kristin Midthun, Linn Siri Jensen, Ingrid Steen og Cathrine Svendsen på Vestar. Elitesatsinga tok slutt i 1993 og i 2001 melde laget seg ut av handbalforbundet.

Sprintaren Richard Simonsen markerte Vestar på friidrettsbanen i 1960-åra og vann fleire NM-gull. Seinare vart også ein annan sprintar, Kåre Magne Åmot, norsk meister i Vestar-drakt. Også Karen Fladset i diskoskast, Astrid Skei i spjutkast, Leif Rise i kulestøyt og diskoskast og tresteghopparane John Kristian Johnsen og Oddvin Moland sanka seg og laget NM-medaljar i friidrett.

IL Vestar vart nedlagt i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]