Vestbyfunnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vestbyfunnet er eit stort funn frå yngre bronsealder frå garden Vestby i Lunner kommune i Oppland. Det blir rekna som eit av dei rikaste funna frå norsk bronsealder. Funnet består av tre rikt ornamenterte halsringar av bronse med ovale endeplater og spiralar. Det vart òg funne ei stor draktnål samansett av fleire runde plater, eit perlekjede med meir enn 350 perler av bronse og ein fingerring. Dei mest oppsiktsvekkjande gjenstandane frå funnet er likevel to små hòlstøypte bronsebukkar. Det finst parallellar til desse bukkane i sørlegare delar av Europa, nærmare bestemt i Hellas, Sør-Tyskland og Austerrike. I ein nordisk kontekst er bukkane unike. Bukkane er støypte i to omgangar. Hovuda er daterte til rundt 700 fvt., mens kroppane er daterte til rundt 500 fvt.

Funnet vart gjort under pløying i 1925. Det er i dag utstilt i Historisk museum i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]