Vestertana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestertana kapell

Vestertana (samisk Deanodat) er ein fjordarm inst i Tanafjorden i Tana kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 10 km sørvestover til Leaibbosvuovdi i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kråkeneset i vest og Sommarneset i aust. Aust for Sommarneset går Tarmfjorden sørover. Det ligg enkelte gardsbruk langs fjorden, som Fellesjorda på austsida. På vestsida av fjorden ligg den djupe Vesterbukta.

Riksveg 98 går langs botn av fjorden.

Koordinatar: 70°28′59.070″N 27°52′1.7940″E