Vestfjorden i Oslofjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestfjorden sett frå Drøbakgrunnen

Vestfjorden er eit namn som vert nytta både om to ulike område i Indre Oslofjord vest for hovudskipsleia for trafikken mellom hamner i Oslo og havet, og om eit samanhengande område som stort sett femner om båe desse to områda.

Det eine området er den delen av Oslofjorden som går frå Drøbaksundet og på vestsida av Håøya vest for leia inn til Oslo. Fjorden strekkjer seg frå området kring Oscarsborg festning og om lag 6-7 km nordover til området aust for Båtstø. Det ligg fleire øyar i Vestfjorden og dei største av desse utanom Håøya, er Gråøya, Bergholmen og Torvøya.

Det andre området er den delen av indre Oslofjord som ligg rett utanfor fastlandet i kommunane Asker og Bærum, og altså femner om mellom anna øyane Nesøya, Brønnøya og Langåra i Asker kommune, og Kalvøya og Ostøya i Bærum kommune.

Dessutan vert namnet eller nemninga Vestfjorden nytta om heile den indre Oslofjorden vest for Nesodden i samanhengar som gjer det naudsynt å skilje denne luten av Oslofjorden frå Bunnefjorden på austsida av Nesodden. Når det gjeld Oslofjorden vert såleis namnet eller nemninga Vestfjorden nytta i vanleg språkbruk på ymse vis som ikkje går fram av karta over distriktet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]