Vestfjorden på Spitsbergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vestfjorden er ein fjordarm i Wijdefjorden på nordsida av SpitsbergenSvalbard. Fjorden er 18 km lang.

Vestfjorden har innløp mellom Krosspynten i nord og Kapp Petermann i sør. Vest for Kapp Petermann går Austfjorden sørover. Fjorden ligg på vestsida av fjellet Gråkammen. I tillegg til Vestfjorddalen i botn av fjorden, går Landingsdalen vestover frå vestsida.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).

Koordinatar: 79°10′20″N 15°42′30″E