Vestfold Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestfold Hills
ås
Land  Antarktis
Stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 68°33′S 78°15′E / 68.550°S 78.250°E / -68.550; 78.250
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Vestfold Hills
68°33′S 78°15′E / 68.55°S 78.25°E / -68.55; 78.25
Vestfold Hills is located in Antarktis
Vestfold Hills (Antarktis)

Vestfold Hills er eit område med runde åsar på nordsida av SørdsdalbreenIngrid Christensen Kyst i Antarktis. Åsane dekkjer eit område på 411 km2 og er delt inn i tre halvøyar som strekkjer seg verstover med smale fjordar i mellom. Dei fleste av åsane er 30 til 90 meter høge og den høgaste av dei er nesten 160 meter over havet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vestfold Hills er stort sett snø- og isfrie og vert derfor klassifisert som ein antarktisk oase. Eit omfattande vassdrag med over 300 innsjøar og tjern ligg i åsane[1] inkludert det som truleg er den største konsentrasjonen av meromiktiske (lagdelte) innsjøar i verda.[2] Regionen inneheld 37 permanent lagdelte vatn,[3] inkludert seks sjøbasseng og sju basseng som vert isolert frå havet til somme tider av året. Desse lagdelte bassenga er òg særs varierte. Dei varierer frå eit saltinnhald frå 4 g L-1 til 235 g L-1, med temperaturar frå -14 til 24 ºC, djupne frå 5 til 110 moh, i areal frå 3,6 til 146 hektar og eit overflatenivå frå 30 meter under havnivå til 29 meter over.[4] Regionen inneheld ein stor innsjø.

Historie og namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Åsane vart oppdaga av kaptein Klarius Mikkelsen som i lag med kona og sju av mannskapet (mellom anna skipstannlegen Leif Sørsdal) på den norske kvalskuta «Thorshavn» gjekk i land her den 20. februar 1935. Caroline Mikkelsen vart dermed den første kvinna som sette fot på det antarktiske kontinentet.

The Hills er kalla opp etter Vestfold, fylket i Noreg der Sandefjord, som var hovudkvarteret for kvalfangstindustrien på den tida, ligg. Desse åsane og somme av øyane utanfor vart kartlagde frå flyfoto tekne av Lars Christensen-ekspedisjonen (1936-37). Lincoln Ellsworth og Hubert Wilkins var òg i land i dette området i 1939, og området vart fotografert frå lufta av USN Operasjon Highjump (1946-47). I 1954 og 1955 gjekk ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) leia av Phillip Law i land her og utforska området. Davis-stasjonen vart oppretta av ANARE i januar 1957.

Nordenden av Stinear Lake, i dei snødekt Vestfold Hills.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Swadling, K.M. et. al Fossil Rotifers and the Early Colonization of an Antarctic Lake. Quaternary Research 55, 380–384 (2001)
  2. Gibson, John A.E.; The meromictic lakes and stratified marine basins av Vestfold Hills, East Antarctica. Antarctic Science 11(2), 175-92 (1999)
  3. Cavicchioli, Ricardo. Cold-adapted archaea. Nature Reviews Microbiology 4, 319-43 (2006)
  4. Gibson, John A.E.; The meromictic lakes and stratified marine basins av Vestfold Hills, East Antarctica. Antarctic Science 11(2), 175-92 (1999)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Vestfold Hills» (innhald frå Geographic Names Information System).