Hopp til innhald

Vestfold og Telemark fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vestfold og Telemark)
Vestfold og Telemark fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Skien (fylkeskommune)
Tønsberg (fylkesmann)
Areal 17 465,92 km²
Folketal 429 101 (1. januar 2023)
Målform nøytral
Statsforvaltar Per Arne Olsen
Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp)
Fylkesnummer 38
Kart
Vestfold og Telemark fylke
59°30′N 9°00′E / 59.5°N 9°E / 59.5; 9
Wikimedia Commons: Vestfold og Telemark
Nettstad: https://vtfylke.no/

Vestfold og Telemark fylke er eit tidlegare norsk fylke. Det var sett saman av to geografiske regionar, Telemark fylke og mesteparten av Vestfold fylke. Dei to fylka blei vedtekne slått saman til eitt fylke av Stortinget 8. juni 2017 med verknad frå 1. januar 2020.[1] 14. juni 2022 vedtok Stortinget å løysa fylket opp og gjenopprette Telemark og Vestfold som eigne fylke att den 1. januar 2024.[2]

Fylkesvåpenet til Vestfold og Telemark fylke viser eit gullfarga vikingskip og akantus på raud bakgrunn. Vikingskipet er inspirert av Klåstadskipet og rosemaling.[3]

Fylkesadministrasjonen låg i Skien (fylkeskommunen) og Tønsberg (statsforvaltaren).[4] Per Arne Olsen var statsforvaltar fram til 2022.[5]

Personar som kjem frå Vestfold og Telemark fylke blir kalla for vestfoldingar og telemarkingar/teledøl.

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd (km²) Målform[6] Valdistrikt
3801 Horten kommune Horten Horten 70,37 bokmål Vestfold
3802 Holmestrand kommune Holmestrand Holmestrand 432,36
3803 Tønsberg kommune Tønsberg Tønsberg 329,26 nøytral
3804 Sandefjord kommune Sandefjord Sandefjord 433,27 bokmål
3805 Larvik kommune Larvik Larvik 812,66 nøytral
3806 Porsgrunn kommune Porsgrunn Porsgrunn 169,60 bokmål Telemark
3807 Skien kommune Skien Skien 779,27 nøytral
3808 Notodden kommune Notodden Notodden 918,91
3811 Færder kommune Færder Borgheim 99,96 Vestfold
3812 Siljan kommune Siljan Siljan 213,81 Telemark
3813 Bamble kommune Bamble Langesund 304,03
3814 Kragerø kommune Kragerø Kragerø 305,38
3815 Drangedal kommune Drangedal Prestestranda 1 062,78
3816 Nome kommune Nome Ulefoss 429,68
3817 Midt-Telemark kommune Midt-Telemark 518,51 nynorsk
3818 Tinn kommune Tinn Rjukan 2 044,93 nøytral
3819 Hjartdal kommune Hjartdal Sauland 791,51 nynorsk
3820 Seljord kommune Seljord Seljord 715,23
3821 Kviteseid kommune Kviteseid Kviteseid 708,46
3822 Nissedal kommune Nissedal Treungen 905,18
3823 Fyresdal kommune Fyresdal Fyresdal 1 280,59
3824 Tokke kommune Tokke Dalen 984,48
3825 Vinje kommune Vinje Åmot 3 105,89
38 Vestfold og Telemark Vestfold og Telemark Skien 17 465,92 nøytral Vestfold
Telemark
  1. Løkkebø, Lars (8. juni 2017). «Nå er Telemark og Vestfold slått sammen». Telemarksavisa. Henta 20. august 2019.
  2. «Stortinget vedtok fylkesoppdeling». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 14. juni 2022. Henta 2. desember 2023.
  3. «Om fylkesvåpen», designmanual.vtfk.no, henta 5. desember 2023
  4. «Fylkesmannen i Vestfold og Telemark». Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. 3. januar 2019. Arkivert frå originalen 6. mars 2019. Henta 20. august 2019.
  5. «Per Arne Olsen blir fylkesmann for den nye regionen». NRK Vestfold. 16. juni 2017. Henta 20. august 2019.
  6. «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta)». Lovdata. 20. desember 2019. Henta 27. desember 2020.