Vesthavet valkrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vesthavet valkrins (lulesamisk: Viestarmera válggabijrra, nordsamisk: Viesttarmeara válgabiire, bokmål: Vesthavet valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 5. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var 1 788 personar registrerte i manntalet i området.[2]

Krinsen femner kommunane Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Skånland, Ibestad, Harstad og Kvæfjord i Troms fylke og Andøy, Øksnes, , Sortland, Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Lødingen, Tjeldsund, Evenes, Narvik, Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Fauske, Saltdal, Gildeskål, Beiarn og Meløy i Nordland fylke.[1]

I 2017 vart det vald inn fem sametingsrepresentantar frå krinsen.[3] Sametinget skal til saman ha 39 representantar.

Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[4] Vesthavet valkrins tilsvarar dei tidlegare krinsane Sør-Troms, med unntak av Sørreisa kommune som no høyrer til Gáisi valkrins, Nordre Nordland og Midtre Nordland.[5]

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Vesthavet valkrins[endre | endre wikiteksten]

Dei tre toppkandidatane til Norske Samers Riksforbund i Vesthavet valkrins ved Sametingsvalet i 2009; Åge Nordkild, Miriam Paulsen og Ann-Mari Thomassen.
Foto: Norske Samers Riksforbund

Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]