Vestindisk-guineisk Kompagni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vestindisk-guineisk Kompagni var eit dansk handelskompani med bakgrunn frå 1625, men formelt oppretta ved kongeleg privilegiebrev i 1671. Det hadde som føremål å kolonisera, driva handel og administrera dei danske koloniane på vegner av kongen. Selskapet fekk nasjonalt monopol på handel mellom Vestindia og Guinea, økonomiske særfordelar, eigen jurisdiksjon og einerett på sukkerraffinering innanfor kongeriket og koloniane. Som motyting måtte selskapet oppretthalda regelmessige seglingar mellom koloniane, selja ei viss mengd danske varer i koloniane og frakta gods for kongen vederlagsfritt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selskapet endra namn i 1674 - til Vestindisk-guineisk Kompagni.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lauring (2010), s. 105