Vestlandsk fjordfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvige av vestlandsk fjordfe.

Vestlandsk fjordfe er ein gammal norsk storferase frå Vestlandet, knytt til området frå Hordaland til Nordmøre.[1]

Historie, kjennetegn og utbredelse[endre | endre wikiteksten]

Vestlandsk fjordfe stammar frå storfeet ein tradisjonelt heldt på Vestlandet. Det blei anerkjend som rase på 1890-talet, og det blei ført stambok over rasen fram til 1920. På starten av 1900-talet prøvde ein å laga lokale underrasar av fjordfeet, der kvar region skulle ala på ein særskild farge og hornanlegg. Dette gjekk ein vekk frå ettersom populasjonane då blei for små. Rasen er i dag kjenneteikna av stor variasjon i farge, størrelse og hornanlegg. Storleiken er likevel ganske jamn, med dei fleste dyra på mellom 400 og 500 kg.

Vestlandsk raudkolle og vestlandsk fjordfe blei slått saman til éin rase i 1947, særleg på grunn av innalsproblem i fjordfeet. Då ein byrja arbeid med å bevara dei gamle storferasene på 1980-talet, gjekk ein tilbake til å skilja dei to typane som eigne rasar att. I 2006 var det registrert 600 vestlandske fjordfe i kuregisteret. Det finst ei bevaringsbesetning for fjordfeet ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

I regi av GENO, som formidler oksesæd til inseminering, blir det også formidla sæd av fjordfeet til interesserte bønder.

Se også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om fjordfe», fjordfe.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]