Vestlandsnytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vestlandsnytt er ei lokalavis i Møre og Romsdal, hovudsakleg for kommunane Herøy og Sande. Avisa kjem vanlegvis ut to gongar i veka (tysdag og fredag).[1]

Avisa vart skipa av Olav Aurvoll i 1935. På midten av 1950-talet tok Frantz G. Frantzen over som eigar og drivar, ei rolle Fred Frantzen vidareførte etter faren sin bortgang tidleg på 70-talet.[1]

Vestlandsnytt vert eigd og drive av Vestlandsnytt AS som i 2017 vart kjøpt opp av Sunnmørsposten.[1] Ansvarleg redaktør er Endre Vorren.[2]

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[3]

År Nettoopplag
2000 5 446
2001 5 451
2002 5 403
2003 5 412
2004 5 419
2005 5 391
2006 5 357
2007 5 393
2008 5 406
2009 5 320
2010 5 228
2014 4 767

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Andersen, Arne Per (28. april 2017). «Sunnmørsposten kjøper Vestlandsnytt». smp.no (på norsk bokmål). 
  2. «Vestlandsnytt», www.vestlandsnytt.no (på norsk bokmål), henta 8. mars 2018 
  3. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.