Vestmannaeyjar lufthamn
Vestmannaeyjar lufthamn | |
![]() | |
IATA | VEY |
---|---|
ICAO | BIVM |
Flyplasstype | Offentleg |
Operatør | Isavia ![]() |
Tener | Vestmannaeyjar, Q3803226 ![]() |
Stad | Heimaey ![]() |
Høgd | 326 fot ![]() |
Koordinatar | 63°25′30″N 20°16′45″W ![]() |
Vestmannaeyjar lufthamn (islandsk Vestmannaeyjaflugvöllur) er ei lufthamn med to rullebanar på Heimaey i øygruppa Vestmannaeyjar sør for Island. Ho er også kjend som Vestmannaeyjar Airport eller Westman Islands Airport.
Det viktigaste flyselskapet her var Air Iceland, som hadde fleire daglege flygingar til og frå Reykjavík lufthamn. Usemje om subsidiar førte til at selskapet stoppa alle flygingar i 2010. Hovudselskapet i dag er Flugfélagið Ernir/Eagle Air.
Det går også private flygingar mellom Vestmannaeyjar lufthamn og Bakki lufthamn på sørkysten av Island. Desse tek rundt sju minutt, avhengig av vêr. Flygingar til Reykjavik tek rundt 25 minutt.
History[endre | endre wikiteksten]
Under vulkanutbrotet til Eldfell i 1973 var Vestmannaeyjar lufthamn eit evakuasjonssenter for eldre og sjukehuspasientar som ikkje kunne evakuerast med båt. Etter at utbrotet hadde enda fann ein at tefraen det hadde produsert var eit passande materiale til å utvida rullebanane med.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Vestmannaeyjar Airport» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2016.