Vestmar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Vestmar er ein kommuneregion sørvest i Telemark fylke som omfattar dei to kommunane Kragerø og Drangedal. Opphaeleg tyder namnet vest for havet (mar(e)=hav), i denne samanhengen Langesundsfjorden, såleis at òg Bamble ligg i Vestmar. Det er no meir vanleg å rekne Bamble som ein del av Grenland, og somme tek jamvel heile Vestmar-regionen med i Grenland. Regionen har om lag 11000 innbyggjarar og til saman eit landareal på kring 1400 kvadratkilometer.

Det einaste senter av noko størrelse i Vestmar er Kragerø, ein kan nemna Preststranda, administrasjonsstaden i Drangedal, og vintersportstaden Gautefall som ligg i Tørdal, nordaust i Drangedal.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Kommunane i Vestmar

Ein reknar to kommunar til Vestmar:

Nr Namn Folketal Flatevidd km² Målform
0815 Kragerø kommune Kragerø 000000000010506.000000000010 506 000000000000305.0000000000305 Nøytral
0817 Drangedal kommune Drangedal 000000000004105.00000000004 105 000000000001063.00000000001 063 Nøytral

Somme reknar dei to kommunane som ein del av Grenland.