Vestnordisk Råd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norden i blått. Island, Grønland og Færøyane er medlemmar av Vestnordisk Råd.

Vestnordisk Råd (færøysk Útnorðurráðið, islandsk Vestnorræna ráðið, grønlandsk Nunat Avannarliit Killiit Siunnersuisoqatigiiffiat) er eit parlamentarisk samarbeidsorgan i Vest-Norden, altså Island, Grønland og Færøyane. Det har som føremål å samarbeida om vestnordiske interesser, og å gå saman om å verna ressurar og kultur frå Nordatlanteren.[1] Rådet samarbeider tett med Nordisk råd.

Vestnordisk råd byrja som Vest-Nordens parlamentariske samarbeidsråd i 1985, og fekk det noverende namnet sitt i 1997. Årsmøta blir haldne vekselvis i dei tre medlemslanda. Rådet er leia av presidentskapet, som består av formannen og ein nestformann frå kvar av dei to andre delegasjonane. Formannskapet i rådet vekslar mellom medlemslanda.[2]

Vestnordisk Råd held møter og konferansar, og går inn i prosjekt det reknar for viktige i høve til arbeidsfeltet sitt.[3] Det markerer vestnordisk dag årleg den 23. september.[4][5][6]

I 1999 bestemte Vestnordisk Råd seg for å oppretta ein litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur frå vestnordiske land. Prisen blei utdelt første gong i august 2002, og heiter på dansk Vestnordisk Råds Børne- og Ungdomslitteraturpris.[7]

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.vestnordisk.is/om-vestnordisk-rad/
  2. «Formændene gennem 30 år» (på dansk). Vestnordisk råd. 24. september 2015. Arkivert frå originalen 15. mai 2018. Henta 4. februar 2020. 
  3. Øvrigt arbejde (på dansk), henta 5. februar 2020 
  4. Fejring af Vestnordisk dag i Tórshavn og Reykjavík (på dansk), henta 5. februar 2020 
  5. «Vestnordisk Dag i Island 2019», Norræna Húsið (på dansk), arkivert frå originalen 5. februar 2020, henta 5. februar 2020 
  6. «Vestnordisk folkefest for sanserne - Naalakkersuisut», naalakkersuisut.gl, arkivert frå originalen 5. februar 2020, henta 5. februar 2020 
  7. Vestnordisk.is, arkivert frå originalen 17. mai 2013, henta 4. februar 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]