Vestnorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vestnorsk er ei av dei to store dialektgruppene i Noreg. Ho har to undergrupper, vestlandsk og nordnorsk. Den andre store dialektgruppa, austnorsk, deler vi i austlandsk og trøndsk. Vestnorsk finn vi i fylka Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark. Til saman talar kring 1,9 millionar menneske ulike variantar av vestnorsk.

Koss ein skal dele inn dialektane i dialektgrupper, er likevel språkforskarane usamde om. Til dømes deler nokre dei norske dialektane i to hovudgrupper:

Denne inndelinga er basert på at austnorske dialektar har såkalla kløyvd infinitiv (nokre infinitivar endar på -e, andre på -a), medan i dei øvrige har infinitivane alltid same endinga, -e, -a, eller inga ending.

  • Nordnorske dialektar har stort sett -a som bunden artikkel i eintal av sterke og svake hokjønnsord, men -o/å førekjem også i svake hokjønnsord på Helgeland og i Salten. Ulike variantar av 'e(g)' er brukt i begge desse områda. Dialektane strekkjer blir tala over heile Nord-Noreg (utan Bindal). Av desse kan ein nemne:
  • Sørlandske dialektar har blaute konsonanter, skarre-r og a-endingar, og blir snakka i Agder og delar av Telemark.