Vestpollen i Vågan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestpollen
stad
Vestpollen i Austnesfjorden med Higravstinden i bakgrunnen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Vågan
Postnummer 8316 LAUPSTAD
Kart
Vestpollen i Vågan
68°19′37″N 14°42′40″E / 68.327°N 14.711°E / 68.327; 14.711

Vestpollen er ein fjordarm av Austnesfjorden i Vågan kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2,5 km vestover.

Fjorden har Sildpollneset i sør og Vestpolløya i nord. Grenda Vestpollen ligg på nordsida ved innløpet. Frå Vestpolløya går det eit smalt sund vestover og her kryssar E10 fjorden. Innanfor sundet vert fjorden kalla Vestpolltjørna. Fv888 går langs nordsida av fjorden.

Grenda Vestpollen ligg 16 kilometer frå Svolvær som er kommunesentrum i Vågan kommune.