Vestre Aker kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°56′11.573″N 10°43′45.894″E

Vestre Aker kyrkje
kyrkje
VestreAkerKirke.JPG
Vestre Aker kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Vestre Aker
Sokn Vestre Aker
Fellesråd Oslo
Periode Nygotikk
Arkitekt Heinrich Ernst Schirmer
Innvigd 12. desember 1855
Kyrkjegard Kyrkja har kyrkjegard
Sitjeplassar 500
Wikimedia Commons: Vestre Aker kirke

Vestre Aker kyrkje ligg i Ullevålsveien 117 ved Kirkeveien i Bydel St. Hanshaugen i Oslo. Kyrkja vart innvigt som soknekyrkje for Aker kyrkjelyd i 12. desember 1855 av biskop Jens Lauritz Arup.

Bygninga[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er ei langkyrkje i nygotikk teikna av Heinrich Ernst Schirmer med ca. 500 plassar etter siste restaurering i 1969. Preikestolen er teikna av Alexis de Chateauneuf ca. 1850 og stod opphavleg i Vår Frelsers kyrkje (Oslo Domkyrkje). Glasmåleria er utført av Bernhard Greve, midtfeltet 1939, sidevindauga 1955. Kyrkja har orgel med 27 stemmar og to kyrkjeklokkar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då Christiania by kjøpte Aker kyrkje (frå 1861 kalla Gamle Aker kyrkje) av Aker herad i 1852 trong Aker ny soknekyrkje. Før salet var gjennomført vedtok heradsstyret å kjøpe 20 mål tomt frå Isac Muus’ eigedom på Kalvehaugen, der kyrkja blei oppført. Det var strid om namnet, blant andre hevda P.A. Munch at tradisjon tilsa namnet Ullevål kyrkje etter garden den stod på.

I 1861 vart soknet delt i Austre og Vestre Aker. Frå dåverande Vestre Aker blei Sagene og Uranienborg utskilt i 1880, Ullern i 1906 og Ris og Grefsen i 1937.

Den andre sokneprest (1871–1875) for kyrkjelyden var Jørgen Moe, kjend som samlar og utgjevar av folkeeventyr. Sidan 2000 har Trond Bakkevig vore prost i Vestre Aker prosti.

I det geografiske nedslagsfeltet til kyrkjelyden budde 6 201 menneske per 1. januar 2005.

Ved kyrkja ligg Vestre Aker kyrkjegard, innvigd samtidig med kyrkja, og kyrkjelydshus oppført i 1983.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Vestre Aker kyrkje er eit kulturminne og har nummer 85816 i Riksantikvarens kulturminnebase.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kirkebøe M. C.: Oslo kirker i gammel og ny tid. Land og kirke, 1956
  • Oslo byleksikon. Oslo. Kunnskapsforslaget, 2000
  • Skjelsbæk, Sverre (red.): Gamle Aker kirke. Akademisk forlag, 1980
  • Statistisk årbok for Oslo 2005. Oslo kommune

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]