Vestre Gausdal prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°12′17.72″N 10°8′36.5″E / 61.2049222°N 10.143472°E / 61.2049222; 10.143472

Vestre Gausdal prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Vestre Gausdal prestegard heitte opphavleg Øvre Forset gard. Garden ligg nokre hundre meter nord for fylkesveg 255, medan Vestre Gausdal kyrkje ligg på sørsida ned mot elva Jøra.

Garden vart kjøpt inn som kapellangard i 1866, og vart prestegard då Gausdal prestegjeld vart delt i 1878.[1]

Hovudbygningen (våningshuset) er eit laftebygg i to etasjar med ståande utvendig panel. Vestre delen går for å vere eldst, oppført tidleg på 1800-talet, medan austre delen er frå om lag 1866. Huset står fram som relativt einskapa i empirestil. Bygningen er ifylgje Opplysningsvesenets fond freda saman med fire andre bygg: «Jegerhuset» (truleg frå 1700-talet), stabburet, ein stall/løe/vedskåle og ein utedo.

OVF, som eig dei fleste prestegardane i Noreg, har over ei viss tid vurdert å selje ei rekkje gardar. Då buplikta for prestane vart oppheva i 2015, melde NRK at Vestre Gausdal prestegard var ein av dei gardane som skulle seljast.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Engen (1988), s. 101, jf. Opplysningsvesenets fond.
  2. Nå kan du kjøpe deg din egen prestegård (NRK Hedmark og Oppland, 11. september 2015)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]