Hopp til innhald

Memurutindan

Koordinatar: 61°34′3″N 8°29′17″E / 61.56750°N 8.48806°E / 61.56750; 8.48806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vestre Memurutinden)
Store Memurutinden
fjell
Memurutindan sett frå Memurudalen
Land  Noreg
Område Lom, (Innlandet)
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 366 moh.
Primærfaktor 336 m
Koordinatar 61°34′3″N 8°29′17″E / 61.56750°N 8.48806°E / 61.56750; 8.48806
Kart
Memurutindan
61°34′00″N 8°29′00″E / 61.566666666667°N 8.4833333333333°E / 61.566666666667; 8.4833333333333

Memurutindan er ei rekkje tindar i Jotunheimen i Lom kommune i Innlandet. Størst er Store Memurutinden som med ei høgd på 2366 meter over havet er det åttande høgaste fjellet i Noreg. Det ligg på nord for Austre Memurubreen og sør for Veobreen. Store Memurtinden er òg den mest markante av desse tindane med ein primærfaktor på 336 meter.

Andre tindar i massivet er Austre Memurutinden og Vestre Memurtindan. Austre Memurutinden har ei høgd på 2301 moh og er den 21. høgaste fjelltoppen i landet. Mellom Store og Austre Memurtinden går Memuruskardet. Vestre Memurutindan består av fem tindar på 2280, 2243, 2230, 2140 og 2049 moh. Den høgaste av desse fem er den 26. høgaste fjelltoppen i landet. Vestre Memurtindan ligg mellom Austre og Vestre Memurubreen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]