Vestre Moland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vestre Moland er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Aust-Agder fylke. Vestre Moland var eigen kommune frå 1865 til 1961. Vestre Moland utgjorde frå 1837 saman med Høvåg Vestre Moland formannskapsdistrikt.

I 1865 vart området delt i to sjølvstendige kommunar. Vestre Moland hadde på det tidspunktet 2167 innbyggjarar.

Frå 1. januar 1962 vart Vestre Moland slegen saman med Eide, Høvåg og Lillesand til den nye storkommunen Lillesand.