Vestre Slidre kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vestre Slidre)
Gå til: navigering, søk
Vestre Slidre kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Adm.senter Slidre
Areal 463 km²
 - land 421 km²
 - vatn 42 km²
Folketal 2 168 (1. januar 2016)
Folketettleik 5 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Eivind Brenna (V)
Kommunenummer 0543
NO 0543 Vestre Slidre.svg
Wikimedia Commons: Vestre Slidre
Nettstad: www.vestre-slidre.kommune.no

Vestre Slidre kommune er ein kommune i Valdres i Oppland fylke. Kommunen vart oppretta i 1849 då dåverande Slidre kommune vart delt inn i kommunane Øystre og Vestre Slidre.

Han grensar til Vang kommune i nordvest, Øystre Slidre kommune i nordaust, Nord-Aurdal kommune i aust, og Hemsedal kommune i Buskerud fylke i sørvest.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

E 16 ved Lomen, med Sildrefjorden i bakgrunnen.

Vestre Slidre kommune ligg i det vestre hovuddalføret av Benavassdraget nord for Fagernes, i tillegg til fjellområda på begge sidene. I sørvest omfattar kommunen øvre delen av Tisleivassdraget, der han grensar til Hemsedal kommune. I hovuddalføret ligg den smale, lange Slidrefjorden, og ved nordenden av denne grensar kommunen til Vang kommune.

Kommunen er ein av dei seks kommunane i dalføret Valdres i Oppland. I dei austlege traktene i kommunen stig terrenget opp mot dei høgste barskogkledde områda i Noreg. I vest går dalsidene over i slake og vide fjellvidder med store samanhengande stølsområde der det framleis er drive aktiv stølsdrift. Lengst mot vest nær grensa til Hemsedal finn ein fjelltoppar på over 1600 meter.

Kommunen har 000000000002168.00000000002 168 innbyggjarar fordelt på 463 kvadratkilometer. Dei aller fleste er busette langsmed vassdraget og E 16 som går gjennom kommunen. Kommunen har tre tettstader; kommunesentret Slidre, handelssentret Røn/Fosheim og bygdesentret Lomen. Kommunen har også eit satsingsområde for reiseliv på Vaset.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Det er mange historiske ting verdt å sjå i Vestre Slidre som minner om ei tidleg busetting, mellom anna Gardbergfeltet med over 900 fornminnefunn, om lag 660 gravrøyser, vardar og bygdeborger. I Gardbergfeltet, kring 250 meter over Slidrefjorden, står Einangsteinen med innskrift i eldre runar og urnordisk språk. Lomen stavkyrkje, ved nordenden av Slidrefjorden, er bygd omkring 1200. Slidredomen (Valdres hovudkyrkje), bygd 1150–1200 i romansk stil, er rikt dekorert. Alterkalk i sølv med edelsteinar frå kring 1335.

Like sør for Slidredomen ligg Tingsteinen som er knytt til kristningsferda Heilag-Olav hadde gjennom Valdres. På Vaset turistområde finst leirskule, fjellstover og hyttegrend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]