Vestre Slidre prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestre Slidre prestegard

Foto: Lars Hauglid/Riksantikvaren
Kart
Vestre Slidre prestegard
61°05′29″N 8°58′41″E / 61.091312°N 8.977934°E / 61.091312; 8.977934

Vestre Slidre prestegard (gnr. 42[1]) ligg nordvest for Vestre Slidre kyrkje (ofte kalla Slidredomen).

Det har vore prestegard ved sida av kyrkja sidan mellomalderen. Dagens hovudbygning er oppført i 1816–18. Det er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel og saltak. Stilen er empire. På tunet står òg eit stabbur som ein trur er oppført på 1600-talet. Det er lafta og har open sval i begge etasjane.

Både hovudbygning og stabbur er freda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Liste over gårder i Vestre Slidre i Wikipedia på bokmål/riksmål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]