Vestre militærdistrikt i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emblemet til Vestre militærdistrikt.

Vestre militærdistrikt (russisk Западный военный округ) er eit militærdistrikt i Russland. Det set opp ein av fem operasjonelle-strategiske kommandoar for forsvaret i Russland. Militærdistriktet vart danna ved presidentdekret nummer 1144 underskrive 20. september 2010 med tidlegare Leningrad militærdistrikt som base.[1] Distriktet omfattar Austersjøflåten og støttar Nordflåten i den russiske marinen. Nordflåten vart i desember 2014 teken ut av Vestre militærdistrikt for å danna den operasjonell-strategiske kommandoen OSK Nord.

Vestre militærdistrikt vil setje opp OSK Vest i krig.[2]

Luftlandestyrkar som er forlagt innan Vestre militærdistrikt er ikkje kommandomessig underlagde militærdistriktet eller OSK-en, men kontrollert av forsvarsdepartementet direkte - som ein snøgg strategisk infanterireserve (manøverelement).

Dei strategiske rakettstyrkane har òg ein armé innafor militærdistriktet sine grenser, men heller ikkje her har OSK-en mynde - korkje i fred eller krig.

Hovudkvarteret er i den gamle generalstabsygningen i St. Petersburg på den nordlege enden av slottsplassen til Vinterpalasset.

I samband med utviklinga av situasjonen i Ukraina i løpet av 2016, er første stridsvognarmé sett opp på nytt i Vestre militærdistrikt.[3] Vidare er 144. motoriserte infanteridivisjon sat opp med hovudkvarter i Jelna, og 10. stridsvogndivisjon er ekspandert frå brigade med hovudkvarter i Bogutjar. Like så er tredje motoriserte infanteridivisjon sett opp med hovudkvarter i Valujki.[4][5][6][7]

Samansetjing[endre | endre wikiteksten]

Militærdistriktet eller OSK-en har ei rekkje direkte underlagte einigar:

1. infanteriregiment forlagt til Moskva
154. vaktregiment (tilsvarande den norske HMK Garde) forlagt til garnisonen Lefortovo i Moskva
79. rakettkastarbrigade forlagt til Tver som strategisk artillerireserve
202. luftvern-missilbrigade forlagt til Naro-Fominsk
45. ingeniørbrigade forlagt til Nakhabino
90. spesial leite- og søkebataljon forlagt til Mgaelva

Militær kommando og kontroll[endre | endre wikiteksten]

1. kommando- og kontrollbrigade i Sertolovo, Leningrad oblast.
132. kommando- og kontrollbrigade i Agalatovo, Leningrad oblast.
2. SPETSNAZ-brigade i Pskov
16. SPETSNAZ-brigade i Tambov
146. OSNAZ-brigade i Bugry, Leningrad oblast
82. OSNAZ-brigade i Vjazma, Smolensk oblast


OSK Vest vil ha desse landkomponentaneoperasjonelt nivå:

Operativ gruppe med russiske styrkar i Transnistria med HK i Tiraspol.

Luftkomponent

Marinekomponentar

Liste over sjefar frå 2010[endre | endre wikiteksten]

  • 2010: Generaloberst Valerij Gerasimov
  • 2010–2012: Generaloberst Arkadij Bakhin
  • 2012-10. november 2015: Generaloberst Anatolij Sidorov
  • 10. november 2015-dags dato: Generaloberst Andrej Kartapolov

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Указ Президента Российской Федерации от 20 сентября 2010 года №
  2. Западный военный округ
  3. Для чего России нужна новая танковая армия
  4. Рядом с Витебском и Могилевом появится новая российская мотострелковая дивизия
  5. Кто слышит звук победной песни
  6. Армия России вышла на брянский рубеж
  7. Минобороны РФ заявило о формировании новой армии на юго-западном направлении

Kjelder[endre | endre wikiteksten]